Det einaste som er sikkert er at om det blir fortsatt blå-blå regjering, vil det også kome ei gigantisk og naturødeleggjande bru over Bjørnafjorden, skriv Haugland (ill. SVV)

Hordaland i bakevja

Lesarinnlegg: Rogaland skal bli knutepunkt for all samferdsel på Vestlandet. Betyr det at vegen mellom Bergen og Oslo skal gå over Øyane og Bjørnafjorden?

Av: Lesarinnlegg

I dag skriv Bergens Tidende om korleis Høgre og FrP har prioritert vegbygging i Rogaland framfor Hordaland. Tendensen synest å vera klar: Rogaland skal bli knutepunkt for all samferdsel på Vestlandet. Betyr det at vegen mellom Bergen og Oslo skal gå over Øyane og Bjørnafjorden?

Det er eit massivt fleirtal i Hordaland for å byggje Bergen - Voss. Ei monsterbru over Bjørnafjorden er det færre som vil ha. Likevel legg Høgre og FrP alle eggene i denne eine kurven og brukar Hordfast planane som gissel på heile Ferjefri E39 prosjektet. På tvers av folkeviljen. Kvifor?

Forklaringen må liggje i det som ikkje blir sagt høgt. For at ei bru over Bjørnafjorden skal løne seg, må trafikken opp på eit heilt anna nivå enn dagens. Det får ein til ved å gjere bru over Bjørnafjorden til hovedveg mellom Bergen og Oslo med påkobling på E134 heilt nede ved Haugesund.

Bergen - Oslo over Bjørnafjorden kan forklare dei urealistiske trafikkprognosene Vegvesenet opererer med i det nåverende Hordfast-prosjektet. 

Dette forklarer også kvifor ein ikkje har fått fart på ny E16 mellom Bergen og Voss. Oppslagt i BT i dag syner at det står ikkje på pengane eller handlekraften til regjeringa når ein vil ha gjennom eit vegprosjekt fort!

Ei løysing som dette forklarer også motviljen Regjeringen har mot å utrede den kanskje aller mest lønnsomme løsninga, Hordalandsdiagonalen.

Men er det dette vi her på Bergenshalvøya vil? Det einaste som er sikkert er at om det blir fortsatt blå-blå regjering, vil det også kome ei gigantisk og naturødeleggjande bru over Bjørnafjorden. 

Samferdsel er viktig for veljarane her vest.
Vi vil ha trygge vegar.
Naturen er også viktig for veljarane her vest.
Bruk stemmeseddelen din klokt.

Glenn Erik Haugland
Kommunestyrerepresentant Os V

Fleire saker

bilde-midtsiden

29 millionar til bruer

20. september 2017

Fylkesvegar • Fylkeskommunen vil setta av 29 millionar til bruer og 18 millionar til Åsen-Helleskaret.

bilde-midtsiden

Østervold matchvinnar igjen

19. september 2017

Lysekloster fekk det tøft mot Aalesund 2, før utvisinga, men nok ein gong sørgja Kristoffer Østervold for full pott.

bilde-midtsiden

Musikalsk Grytten-premiere

19. september 2017

– Det er ei gåve å ha Espen Leite på trekkspel, seier Albert og Anna-skodespelarane. I morgon har dei Noregspremiere i Os.

bilde-midtsiden

Slo Sædalen på heimebane

19. september 2017

– Vi varierer for mykje, seier Kvile, sjølv om Os 2 har tapt berre 1 av 6 kampar etter ferien.