Fotball | 30. juni 2014

Hovden har blitt Os-spelar

Joakim Hovden har gått frå Lysekloster til Os.

Hovden har blitt Os-spelar
Joakim Hovden i kjent positur. No har den raske venstrevingen gått til Os. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 30. juni 2014 13:26

Joakim Hovden (23) har gått frå moderklubben Lysekloster til Os.

Hovden er angrepsspelar og har stort sett blitt brukt som venstrekant.

– Eg har sett han i trening og det er ein spelar med mange fine kvalitetar, seier sportssjef i Os Fotball, Lars Bakkerud.

Hovden putta 4 mål for Lysekloster i 3. divisjon i fjor og 7 mål på ein halv sesong i 4. divisjon i 2012. Han er også den siste igjen frå stamma i laget som gjekk frå 7. divisjon til 3. divisjon på 4 år.

Blei straffa

Hovudårsaka til overgangen, som kjem i første halvdel i sesongen, er at Hovden fekk disiplinærstraff av klubben.

– Eg bad om fri frå ei trening då eg skulle på tur, og reiste sjølv om eg ikkje fekk fri. I tillegg kom eg for seint til kamp, fortel Joakim.

– Eg forstår at klubben må reagera, men føler at det blei litt strengt.

Dagleg leiar i Lysekloster IL, Ørjan Sandal, stadfestar at det blei ei disiplinærsak med Hovden.

– Vi har eit strengt opplegg som del av den sportslege satsinga vår. Sidan dette opplegget ikkje passa Joakim så godt akkurat no så let vi han gå.

– Joakim er ein rask spelar med ein god skotfot. Vi ønskjer han lykke til i ny klubb! seier Sandal.

– Ser etter fleire spelarar

Bakkerud seier at også Os har reglar og retningslinjer i forhold til oppmøte, innsats og haldningar.

– Hovden byrjar med blanke ark hos oss. Men vi vil ta ein ny gjennomgang med alle spelarar, på fleire nivå, før hausten. Det skal satsast på dei som har vilje og er seriøse i forhold til det opplegget vi lager for kvart lag.

– Vi ser også etter eit par nye spelarar. A-laget treng fleire leiarar, eit par tydelege typar som er med og styrer, spesielt i den defensive delen av spelet.

– Eg elskar å sjå måten Os speler offensiv fotball på, men det er ikkje tilfeldig at det kjem mange mål imot. Vi har mange unge, gode spelarar, men treng litt fleire med rutine.

Os har sleppt inn 30 mål på 12 kampar, noko som er dobbelt så mange som Lysekloster.

Debuterte laurdag

Joakim seier han kjenner mange Os-spelarar frå før, at han trivst i klubben og at han har eit godt inntrykk av satsinga til Os.

– Det er spennande og motiverande med ny klubb og nye ansikt!

– Og no er du ute etter plassen til Mats Cato Moldskred?

– He, he! Nei, han er jo stjerna på laget, eg får sjå om eg kan konkurrera med nokre andre.

Hovden var ikkje med i troppen i Os sin kamp fredag, men laurdag spelte han frå start og nesten heile kampen for Os 2 borte mot Stord 2.

– Det har blitt litt lite trening på meg i vår, så det var litt tungt.

Os 2 tapte 6-3. Kenneth Gjerde (2) og Aksel Skaar skåra Os sine mål.

Også Lysekloster 2 tapte siste kamp før ferien, dei blei slått 9-0 av Trott, som saman med Stord 2 ligg tett på toppen av tabellen i 5. divisjon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.