Os Asvo har levert alle plattformane i klatreparken på Vallaheiane (foto frå Høyt og Lavt Bergen si facebook-side)

Høyt og Lavt med Os Asvo

Os Asvo har funne nye marknadar. Leverer plattformer til klatreparkar.

Av: Andris Hamre

I slutten av september opna Høyt og Lavt Bergen klatrepark med seks forskjellige løyper på Vallaheiene i Bergen. Fleire delar av elementa er produsert i Os av arbeidarane ved Os Asvo.

– Alle plattformene som blir brukt i parken er levert av Os Asvo og laga av yrkeshemma medarbeidarar. Vi har òg levert utebenkar og boss-stativ til parken, fortel Kristian Nygaard, dagleg leiar i Os Asvo.

Ein viktig avtale

Nygaard fortel at avtalen med Høyt og Lavt var viktig for verksemda.

– Etter ei periode med nedgang i Os såg vi etter nye marknadar og moglegheiter, noko den ekspansive og hurigveksande bedrifta Høyt og Lavt har gitt oss.

– For Os Asvo betydde det mykje å få denne avtalen. Samtidig viser det at vi kan konkurrera med dei fleste når det kjem til kvalitet, leveringssikkerheit og pris, seier Nygaard.

Felles verdiar

Høyt og Lavt er ein innovativ og leiken bedrift som no har ni parkar forskjellige stader i landet. I tillegg til å levera til parken i Bergen har Os Asvo levert element til parkane også i Sørum og i Bø. Fleire parkar skal vera under planlegging.

– Dei er seriøse i sin streben etter å ta samfunnsansvar og set teori ut i praksis. Dei set kvalitet i høgsete og er villige til å ta sjansen på å samarbeida med ei verksemd som ikkje har drive denne type produksjon tidlegare. Vi treng fleire slike bedrifter, seier Nygaard.

– I tillegg har dei to verksemdene samanfallande verdiar i anerkjenning, utvikling, meistring og kvalitet, forklarer Nygaard i ei pressemelding.