Kultur | 11. mars 2017

Hungry John til påskebluesen

Hungry John og Geir Mæhle er artistane under årets påskeblues på Peppes.

Hungry John til påskebluesen
Hungry John kjem til påskebluesen på Peppes (pressefoto)
Andris Hamrelørdag 11. mars 2017 08:54

Laurdag 8. april er det duka frå den tradisjonelle påskebluesen på Peppes.

– Denne gangen har vi to store namn på plakaten, fortel primus motor Dag Bergesen i ei pressemelding.

Kongen av bluesmiljøet

Først på plakaten er Hungry John.

– Hungry John er den bluesmusikaren som har helde på lengst her i landet og har drive med blues sidan han starta sitt første band, Green Onions, i 1966. I 1975 starta han Bergen Blues Band som har vore ute med fleire plater og turnert i heile Norden før han i 1985 kom med bandet Hungry John and the Blues Shadows som han har turnert med i fleire år.

– For dei fleste i bluesmiljøet er han kongen i Noreg på blues, skriv Bergesen.

– Det råaste ein kan få på scenen

På scenen kjem også Geir Mæhle.

– han er for tida den mest oppegåande bluesvokalisten vi har på Vestlandet og han syng med ei rekkje band. Han er noko av det råaste vi kan få på ei scene når det gjeld bluesvokal og ikkje minst når vi kjem til karisma.

Det er heller ikkje smågutar som blir med som band på årets påskeblues. Kai Taule på bass, Magne Trengereid på trommer saman med osing Steinar Lyssand på gitar og Dag Bergesen.

– Vi kan allereie no lova rå blues med høg partyfaktor, avsluttar Bergesen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.