Lokal | 11. feb. 2016

Hus totalskadd på Søfteland

Ein bustad på Søfteland brann i natt ned til grunnen. Fleire nabohus blei evakuerte.

Hus totalskadd på Søfteland
Bilde tatt frå brannvesenet sin lift viser kos store skadar huset fekk i brannen. (Foto: Os brannvesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 11. feb. 2016 06:29

Klokka 03.13 i natt meldte naboar frå om flammar frå ein bustad i Lerkevegen.

Dei som bur i huset, ein mann, ei kvinne og to hundar, kom seg uskadd ut, ifølgje BT.no.

17 personar i nabohusa blei evakuerte. Dei har no fått gå tilbake til husa sine.

Huset var overtent då brannvesenet kom til staden. Klokka 05.30 var det ikkje fleire opne flammar, men det er framleis ettersløkking på staden.

Midtsiden kjem tilbake med meir.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.