Hvitmalt Gjerde til Os før jul
Peppes og Bar(t) varmar opp til jul med surferock i 60-talsstil. Gratis.
– Vi droppar billettsal på denne, det er kjekt med fullt hus og det treng ikkje alltid kosta pengar å koma inn, seier Bar(t)-sjef Simon Aasen.
Fredag 5. desember blir det surferock i Os, då speler Hvitmalt Gjerde på Peppes.
Bergensbandet, som består av Sturla Ulvenes Kverneng, Håvard Bakke og Johannes Fjeldstad, fekk terningkast 5 for andrealbumet sitt i BA.
Dei spelte blant anna på Periferfestivalen i sommar og dei spelte bandet «Snowflake» i filmen Beatles.
Ventar på Vogt og Nordin-publikummet
Konserten hadde passa bra på Barten, men hamnar inne på Peppes.
– Vi har hatt livemusikk på Bar(t) før, som Vossarebels under Osfest, og det funka bra.
– Men eg trur musikken til Hvitmalt Gjerde, grunna akustikken, passar best i Peppes-lokalet.
Konserten startar etter at Nils Vogt og Sven Nordin er ferdig med framsyninga «Litt av et par» i Oseana.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.