Kultur | 17. aug. 2016

Hvoslef tilbake på Vedholmen

Line Hvoslef er tilbake på Vedholmen Galleri når haustens første utstilling opner laurdag.

Hvoslef tilbake på Vedholmen
Fartøy har Hvoslef kalla dette bilete (privat foto)
Andris Hamreonsdag 17. aug. 2016 07:10

Det er tredje gangen Line Hvoslef har separatutstilling på Vedholmen galleri. Sist var i 2012 då ho hadde henta inspirasjon frå det maritime til festspelutstillinga ho heldt då.

I år har utstillinga fått namnet «Periskop».

– Vi lever på jordas overflate, men har sett bilder frå Mars og havets botn. Kor er vi eigentleg? Vi lever i ein retursjert verd. Kjem vi tett nok på? undrar Hvoslef.

– Eg vil med denne utstillinga vise nærbilder frå ei verd vi ikkje nødvendigvis kjenner oss att i.

Hvoslef fortel i ei pressemelding at ho dei siste åra har gått frå å jobbe på store lerret til å også nytte plate.

– I samband med det har eg eksperimentert med å integrere ulike tekniske element i bildeflaten. Dette har mellom anna resultert i større lydinstallasjonar eg har kalla "lydveggar", sist som utsmykning ved Voss nye vidaregåande skule, fortel Hvoslef.

Nytt samarbeid

Til utstillingsopninga kjem også Heidi Tronsmo og Glenn Erik Haugland, også kjend som Opera Omnia. Denne gong i eit samarbeid med forfattar, musiker og komponist Øivind Hånes, som i 2005 blei nominert til Nordisk Råds Litteraturpris for romanen «Pirolene i Benidorm».

– Det er utruleg spennande å samarbeide med Øivind, fortalde Haugland då Midtsiden snakka med han tidlegare i sommar.

Inspirert av Hånes sine nye maritime tekster, Tronsmo og Haugland si framsyning «SUB» og Hvosef si utstilling har trioen tatt seg namnet «Periskopia».

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.