Kultur | 11. des. 2009

Hylla handverkstradisjon

Som Economuseum skal Oselvarverkstaden bli betre rusta til å halda fram sitt gode arbeid med å ta vare på gamal båtbyggartradisjon.

Hylla handverkstradisjon
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 11. des. 2009 09:50

Bildeserie:

1 av 6

Det blei ein staseleg seremoni då Oselvarverkstaden torsdag opna som Economuseum. I Canada er det over 50 Economuseum, museum som presenterer og tar vare på handverkartradisjonar før dei døyr ut og hamnar på vanleg museum.

Oselvarverkstaden er den andre verksemda i Noreg som blir Economuseum, og den første av dei fire planlagte Economuseuma i Hordaland. Også versemder i Etne, Bergen og Samnanger skal bli Economuseum, i alt skal 18 verksemder i Nord-Europa følgja same endring.

Kunnskap = nasjonalskatt
Fungerande ordførar Børge Lunde (H) sto for den formelle opninga. Blant dei andre som kom med talar og helsingar var professor Claude Dubé frå Quebec, Lise Finne frå Kunsthøgskolen i Bergen, ordførar i Bergen, Gunnar Bakke, leiar for kulturutvalet i Hordaland og med i leiinga i Économusée Northern Europe, Austevoll-ordførar Helge André Njåstad.

- Når mykje produksjon blir flytta til lavkostland mister vi nordmenn kontakten med både produksjonskunnskap og nærleiken til råvarene. Det svekkar vår evne til å vurdera kvalitet, sa Lise Finne.

- I Japan får personar med spesielle kunnskapar status som nasjonalskatt. Kanskje kan vi læra mykje av korleis andre folkeslag tar vare på tradisjonar.

Levande museum
Sjølv om kunnskapen Economuseuma tar vare på er gamaldags, er det fleire tradisjonsprodukt som tilfredsstiller mange av dagens krav, meiner Finne. Fleire av talarane la også vekt på at slik kunnskap ikkje kan førast vidare ved skriftleg dokumentasjon, den må overførast frå hand til hand for å haldast liv i.

- 1900-talet blei tøft for trebåtprodusentane. Fiskarane bygde større båtar og sette motor i dei. Men i Os heldt dei fram med å bygga små trebåtar, sta som vi er i bygda, sa Åsmund Lien.

- Men på 50-talet kom småbåtar i plast, og då blei det endå verre. Kunnskap som tidlegare gjekk frå far til son blei ikkje ført vidare, sonane valte andre yrke.

Den utdøyande båtbyggarkunsten blei blåst liv i i starten på 80-talet, med kurs i båtbygging. Viktig drivkraft for prosjektet, Ingebjørg Astrup, fekk saman med Terje Søviknes og entusiastane i trebåtmiljøet i og rundt Os takk for at Oselvarverkstaden blei til. Verkstaden opna i 1997.

- Til no har fem båtbyggarar tatt fagbrev, fortel Lien.

Meir butikk
Econo, økonomien, er ein viktig del av opplegget i den canadiske ideen. Nettverket av verksemder fokuserer på auka publikumsapell og auka sal av både hovudproduktet og souvenir til besøkjande.

- Den mest synlege endringa Oselvarverkstaden har vore gjennom for å førebu seg på å bli Economuseum er tilbygg og utvida inngangsparti. Her får vi no plass til både resepsjon og til å ta imot grupper på 15-20-personar i entreen, seier dagleg leiar Åsmund Lien.

Det har også kome fleire varer for sal, oselvar i keramikk av Peter Marron frå Vedholmen Galleri, miniatyr av alnarstavar (som båtbyggarane brukar som mal) og byggesett av modell-oselvar. Utstillinga i verkstaden er supplert med fleire plansjar og plakatar.

Nytt kontor
Åsmund Lien, som lenge har hatt delt stilling mellom Oselvarverkstaden og kulturkontoret, har trappa opp frå 50 til 80 prosent på båt og fått kontor i verkstaden.

- Det har også kome glasvegg mellom entreen og verkstaden. No kan publikum sjå båtbyggarane i aksjon utan å uroa produksjonen, seier Lien, som no sjølv er på plass for å ta hand om gjestar.

- Blir opningstidene endra som resultat av museumstatusen?

- Kanskje. Vi må i alle fall bli meir nøye med å fastsetja opningstidene, seier Åsmund Lien, tydeleg nøgd med det nye løftet til Oselvarverkstaden.





Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.