Kultur | 26. juni 2013

I austerled

Reisebrev frå Os mannskor på vitjing i austerled til Ringerike, Os i Østerdalen og Røros.

I austerled
Mannskoret fekk synga i ærverdige Røros Kyrkje (privat foto)
Andris Hamreonsdag 26. juni 2013 06:41

Det var ein litt morgontrøytt men glad gjeng som torsdag 13. juni la i veg med Osbuss sitt nyaste «glis» med Kjell Rossvoll ved rattet. Suppleringbuss hadde me med LHL sin buss men 12 sete og Erling Hjelle ved rattet.

Målet var å vitja Ringerike Mannskor i Hønefoss der me skulle ha konsert om kvelden. Med sangarar og ledsagar var 66 personar med på turen.

No vart turen noko meir «oppøst» enn det som var tenkt ettersom planen var å køyra Hemsedal med lunsj på Gol. Ruta måtte leggjast om Hardanger og dermed kom me i tidspress. Men med felles innsats frå alle starta konserten i Hønefoss berre 10 minutt seinare enn annonsert.

Konserten var i stor grad vigd Ringerikediktaren Elling M Solheim. Ringerike Mannskor framførde fleire dikt av han med tone av lokale tonesetjarar og Os Mannskor framførde «Hegg og Gran og «Det hvite landet» med musikk av vår eigen Henrik M Lyssand.

Elles var det eit variert program og på alle måtar ein hyggjeleg konsert. Det vart også fortalt mange forvitnlege ting om Elling M Solheim frå folk som hadde kjent han.

Fredag gjekk turen vidare med stopp på Hadeland Glassverk der me fekk sjå glasblåserane i aksjon og elles få handla vakre ting som vert laga på glasverket.

Lunsjstoppen var på Løiten brænderi. Det vert ikkje produsert akevitt der lenger men me fekk god mat og smaksprøve på ting som vart produsert der tidlegare.

Turen gjekk vidare over gran- og furumoar i Østerdalen. Den siste delen fram til Røros gjekk over fjellvidder og langs Femunden. Vakkert og annleis enn det me er vane med.

Målet med turen var å vitja Os Mannskor i Os i Østerdalen og det vart ei flott og minnerik vitjing.

For å koma til Røros, der me skulle bu, måtte ein køyra gjennom Os kommune. Ein representant frå Os møtte oss der og guida oss resten av turen fram til hotellet.

Morgonen etter vart me guida i Røros av 2 flinke representantar frå Os Mannskor og deretter bar det med buss til ei grend i Os som heiter Narjordet . Her var det omvisning på eit gardsmuseum kalla Oddentunet og deretter herleg lunsj med heimelaga sodd og brygg i det lokale grendetunet.

Etter ein rundtur i Os, der heimen til langrennsjenta Therese Johaug såg ut til å vekkja mest interesse, bar det attende til Røros og ei lita kvil før turen sitt høgdepunkt: Konsert og fest saman med Os Mannskor.

Konserten og festen gjekk føre seg i Idrettshallen og kosertamfi midt i Os sentrum.

Etter fellesøving og oppvarming starta konserten med stappfullt hus. Det vart på alle måtar ein flott konsert. Det viste seg at kora stod godt til einannan. Omlag like mange sangarar i kvart kor, relativt høg gjennomsnittsalder, god kvalitet og unge og entusiastiske dirigentar. Vår eigen dirigent, Marius Dale Romslo, hoppa nesten inn i koret under framføringa av Mi Pia Din gutt.

Det første fellesnummeret «Ære det evige forår i livet» gav mykje vellyd i lokalet og også det andre fellesnummeret «Sumarkveld ved fjorden» med musikk av Henrik Lyssand, vart også framført med den ro og klang som diktet krev.

Så var det takketaler og overrekking av gåver. Ordføraren i Os, Arnfinn Nergård kom med kommunevimpel. Han peika også på kor ulike dei to Os-kommunane er både med folketal, næringstruktuer og politisk leiing. I Os i Hemark er det reint raudgrønt fleiral der Sp har 63 % av røystene og resten av kommunestyret kjem frå Ap og SV.

Formannen i Os Mannskor (Hordaland) Terje Skutlaberg hadde med gåver frå eigen ordførar og takka for den varme velkomsten me hadde fått i Os.

Så var det fest. Og der mannskor møtest vert det alltid kjekt, men ledsagarane set sjølvsagt ein ekstra spiss på festen. Nydeleg mat basert på lokale produkt, god drikke og gode ord. Og sjølvsagt mykje sang. Og morosame replikkar: Hordalendingane måtte gå relativt tidleg frå festen ettersom me skulle syngja neste dag under høgmessa i Røros kirke. Då kjem det frå ein østerdøl: «Vi hadde nok gått rett frå festen for å syngja i kyrkja»

Det var ei fin oppleving å få syngja i Røros kyrkje, Når Os Mannskor får syngja kyrkjemusikk er me kanskje på vårt aller beste og med akustikken i denne stor og spesielle kyrkja var det berre herleg! Stor takk fekk me også.

Så bar det på heimveg med middagsstopp i Søndre land.

Klokka 02.30 på mandagsmorgon var me heime att: Trøytte, men fulle av gode opplevingar.

Thore Lunde
Os Mannskor

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.