– I dag er det bra med folk
Bildeserie: Etter ein heller trasig og regnfull fredag så tok det seg godt opp med folk på Marknadsdagane laurdag.
Bildeserie:
Torsdag opna dei tradisjonelle Marknadsdagane i Os sentrum. Gatene har dei tre siste dagane vore fylt av bodar og utstillingar av forskjellig slag, moteshow og underhaldning.
– Torsdag var det ein del folk, men ut på ettermiddagen forsvant mange, sikkert fordi det var St. Hans, fortel Elisabeth Aga.
Saman med Margunn Hellar Haldorsen er ho arbeidsleiar på Os Asvo som har egen stand på marknadsdagane for fyrste gang på fleire år.
– Vi har vore så opptatt med anna produksjon, men no hadde vi tid og har arbeida med å førebu til marknaden det siste halve året.
Her sel dei alt i frå kassar i ulike fasongar til sitteunderlag og fuglebrett.
– No byrjar vi å gå tomme for ting, det er veldig kjekt. Fredag var det ikkje folk her, då hølja det ned, men i dag har det berre komt fleire og fleire utover dagen, fortel Margunn.
Gjengen dei har med seg frå Os Asvo er òg svært nøgd med dagens sal og det å vera tilbake på marknaden.
– Det er veldig kjekt, fortel Solveig Bogevik og får samtykkande nikk frå resten.
– Gøy å treffa kjentsfolk
I ein annan bod står det tuber og krukker i ulike storleiker. Her finn vi Gerd Damm Knutsen frå Oriflame som har vore på marknaden i mange år.
– Eg nærmer meg sikkert snart 20 år her. I tillegg har eg vore på enkelte vårslepp.
Gerd, som budde i Os frå ho var 10 til 17 år, trivst veldig godt med å koma til Os.
– Det er så kjekke folk her og så er det veldig gøy å treffa gamle kjentfolk. Salet går bra, men eg trur dette året må vera det rolegaste året eg har vore borti.
30 nye frivillige
Ved boden til Osfest blei potensielle frivillige til festivalen lokka med heimelaga kaka og sjokolade. Som ein ekstra bonus vil dei nyverva òg få moglegheit til å kjøpa billetter til den utselde Marcus & Martinus konserten på festivalen.
– Vi har klart å skaffa 30 nye personar sidan torsdag, fortel festivalleiar Tor Egil Hylland nøgd.
Osfest har då runda 300 frivillige og berre 40 gjenstår til dei er i mål.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.