Lokal | 01. des. 2015

I dag må du sjekka røykvarslaren

1. desember er røykvarslaren sin dag. Nytt dagen til å skifta batteri og testa om varslaren fungerer.

I dag må du sjekka røykvarslaren
Sjekk røykvarslaren i dag, oppmodar kunderådgjevar Linn Furnes (foto: Gjensidige)
Andris Hamretirsdag 01. des. 2015 07:15

Ifølgje ei undersøking Gjensidige har gjort har 9 prosent av innbyggarane i Hordaland opplevd brann i elektriske hushaldningsapparat.

I dag, tysdag 1. desember er røykvarslaren sin dag, med tid for å skifta batteri.

– Samstundes er det viktig å sjekka om varslen faktisk fungerar, seier kunderådgjevar Linn Furnes i Gjensidige.

Sjølv snakkar ho dagleg med kunder i Hordaland og kan fortelje at røykvarslaren reddar 10 -20 liv kvart einaste år. Kvar dag er det over 100 branntillaup i norske heimar, fleire av dei endar med tragedie.

Gått ut på dato

Det er ikkje berre viktig å bytta batteri i røykvarslaren, men òg sjekka at den fungerar som den skal.

– Er røykvarslaren meir enn 10 år må den byttast ut med ein ny. Berre i Hordaland reknar vi med at det er fleire tusen røykvarslarar som er modne for utskifting, fortel Furnes.

Meir lys og varme

Grunnen til at 1. desember er vald som røykvarslaren sin dag er den tida vi no går inn i.

– Desember der den månaden med flest bustadbranner. Normalt er dette ei tid der fleire skrur på meir varme, tenner levande lys og fyrar med ved. Difor er det viktig å sjekka at utstyret er i orden.

– Det er òg viktig at røykvarslaren er montert riktig. Den bør henga midt i taket/på det høgste punktet og minimum 40 centimeter frå veggen. Du må ikkje gøyma den vekk i ein krok. Har du eit hus over fleire etasjer må du ha ein varslar i kvar etasje. Desse bør helst vera seriekobla, slik at om alarmen går ein plass, så varslar også dei andre, påpeiker Furnes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.