Sport | 25. mars 2017

– I dag var vi gode

Line Hjelle Berentsen og Pia Johansen skåra aleine nesten like mykje som Runar då Os vann 29-16.

– I dag var vi gode
Line Hjelle Berentsen har funne skotformen og putta 7 mot Runar (arkivfoto: KVB)
Andris Hamrelørdag 25. mars 2017 17:53

Denne helga har Osdamene dobbeltkamp borte på austlandet. Etter å har reist over fjellet laurdag morgon var det Runar som sto på motsett banehalvdel som første motstandar. Det blei ikkje mykje motstand.

– I dag var det solid og vi fann tilbake til det gode forsvaret og keeperspelet. Det var rett og slett bunnsolid og jækla gøy, oppsummerer Ostrenar Trond Førde Eriksen.

Runar - Os 16-29 (8-11)
Utv: Runar ingen, Os 3x2 min
Os sitt lag: Pia Johansen 8, Tonje Hjertnes 1, Emilie Halhjem 3, Hilde Kristine Røttingen, Line Hjelle Berentsen 7, Vibeke Ingebrigtsen, Elise Hjelle 1, Bente Mjanger 2, Liv Lunde 2, Thiet Dang 2, Tirill Grønvigh, Mia Torp Nielsen 3

Skaut dei i senk

Førde Eriksen meiner det først og fremst var ein skikkeleg laginnsats som la grunnlaget for sigeren, men backane Line Hjelle Berentsen og Pia Johansen får var kanskje spesielt viktige.

– Når Line og Pia skyt som dei gjorde i dag, så skal det mykje til for å stoppa oss. I dag satt langskota.

– Bakover så står Vibeke solid i mål. I tillegg så er vi gode bakover i forsvar kor Tonje og Emilie skaffar oss gode overgangar med nokre skikkeleg fine snappar.

– I dag held jentene fokus og konsentrasjonen begge vegar og speler bra handball.

Kampen om 4. plassen

Søndagens kamp mot Fram Larvik reknar Førde Eriksen blir tøffare.

– Kampen i dag lovar bra før morgondagens kamp som blir ein kamp om 4. plassen i avdelinga. Vinnaren tek med all sannsynlegheit den.

– Jentene er klare for å sloss for den plassen, avsluttar Ostrenaren

Sjå tabellen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.