Lokal | 21. des. 2014

I ferd med å retta feilen

Dei har allereie jobba i 13 timar, men står på til over midnatt for å gje Furulunden vatnet tilbake.

I ferd med å retta feilen
John Arthur Solberg (t.h.) og Morten Hjelm har hatt ein lang søndag i Gymnasvegen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 21. des. 2014 21:16

Bildeserie:

Her er det skadde røret. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Her er det skadde røret. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Geir Fagerthun måtte grava over fire meter ned før feilen blei funnen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Geir Fagerthun måtte grava over fire meter ned før feilen blei funnen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Morten Hjelm med den skadde leidningen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Morten Hjelm med den skadde leidningen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Gymnasvegen har vore stengt i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Gymnasvegen har vore stengt i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Furulunden har fått vatn frå denne vogna. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Furulunden har fått vatn frå denne vogna. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 5

Søndag morgon gjekk alarmen grunna trykkfall i Os Vassverk, i 9-tida blei lekkasjen lokalisert til Gymnasvegen.

– Leidningen låg djupt nede, seier John Arthur Solberg, ein av dei tilsette i Bergen Vann som har vore på plassen sidan søndag formiddag.

Fire-fem meter under bakkenivå fann maskinførar Geir Fagerthun den skadde leidningen og i 22-tida blei den kappa av.

Blir ferdig i natt

– Eg tippar vi har sett inn nytt rør litt over midnatt, seier Morten Hjelm.

– Då tømer vi klor i røret og spyler ut sånn at det går reint vatn ut til abonnentane når alt er klart. Går prosessen fint så har dei truleg vatn måndag morgon, men dei får følgja med på kommunen sine heimesider før dei bruker vatnet.

Hamna på vassvogna

Nabolaget Furulunden har vore utan vatn sidan leidningsbrotet søndag morgon, men har blitt supplert med ei vassvogn på 1000 liter.

Fleire hus var utan vatn før feilen blei funnen og kranen i Gymnasvegen stengt. I ettertid oppsto ein feil i ei pumpe på Hjelle, ein feil Bergen Vann også har jobba med å retta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.