I gang med bane nummer to
Vestafjell i gang med masseutskifting mellom fotballbanen og ungdomsskulen for etablering av bane nummer to på Nore Neset. Går alt etter planen står den ferdig til 2017-sesongen.
Bildeserie:
Det var ein merkedag for fotballfolket på Nore Neset då Vestafjell starta med masseutskiftinga onsdag.
– Går alt som vi planlegg og håper på, så skal banen stå ferdig til 2017-sesongen. Finansieringa for masseutskiftinga er på plass, men vi mangler enno noko på den totale finansieringa, fortel Jan Erik Døsen, leiar i fotballgruppa til Nore Neset Idrettslag.
Stein frå OHARA
Området ein no skiftar ut massene i er stort sett myr.
– Det er mykje masser som skal skiftast. Steinen som blir nytta kjem frå tunellspreninga på OHARA-prosjektet.
– Saman med Vestafjell har vi lagt eit løp der vi siktar mot å vera ferdig med den jobben til ferien, om ikkje ein støter på uforutsette ting på OHARA som gjer at det blir forseinkingar.
– Det blir òg spennande å sjå kor blautt det eigentleg er i myra. Vi har boneteringsrapporter, så vi har nokre indikasjonar, men ein veit aldri om det dukkar opp uforutsette ting i botn av myra, seier Døsen.
Nytt garderobeanlegg
Når massene er skifta vil idrettslaget støpe fundament for lysmaster, ballfangernett og gjerder.
– Vi har eigentleg to parallelle prosjekt gåande. I tillegg til å byggje bane nummer to skal vi bygge eit nytt garderobeanlegg mellom dei to fotballbanene. Då vil vi få to fulle baner og dobbelt sett med garderober, eitt i Nore Neset Aktivitetshus og eitt i garderobebygget mellom banene, forklarar Døsen.
Jobbar med sluttfinansieringa
Det totale budsjettet for banen er på 8,5 millionar kroner inklusive meirverdiavgift.
– Finansieringa er lagt opp med spelemidler, kommunal støtte, låneopptak og sponsorstøtte.
– Vi har satt ned ei sponsorgruppe som vil jobba med å kontakte bedrifter og med andelssal til privatpersonar i dei krinsane vi har spelarar frå. Det er på mange måter finansieringa som styrer framdrifta, men vi jobbar på utover våren og håper vi skal få sluttfinansieringa på plass, avslutter Jan Erik Døsen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilbod: 1 månad for 1 kr
No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Frå 145 kr/md.
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.