Jon Sivert Rykkel og Torbjørg Brattabø framfor midlertidig inngang til Osbadet og Oshallen. Nytt inngangsparti kjem på same plass når hallen i juni er ferdig. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

I inngangen på eit spesielt år

2017 overraska. No førebur Osbadet seg på tredobla hallflate i 2018.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I slutten av juni 2017 var det byggestart på ny dobbel fleirebrukshall på Kuventræ. Dobbelthallen blir integrert i dagens foajé til Oshallen og Osbadet.

Byggeprosessen har gått bra, entreprenør Consto Bergen ligg framfor skjema, og drifta av Oshallen og Osbadet har gått fint, trass færre parkeringsplassar, midlertidig inngansparti og redusert storleik på foajé og kafé.

– Vi har faktisk hatt ei lita auke, men den er så lita at den ikkje er noko å snakka om. Det viktigaste er at det har halde seg stabilt, vi kan sjå tilbake på nok eit godt år i Osbadet, seier dagleg leiar Torbjørg Brattabø.

– Men det er ikkje alt vi styrer sjølv. Vêret har mykje å seia for besøkstalet, både vinter og sommar. Er det fint vêr i helgene så konkurrerer vi mot fjellturar, båtturar og andre utandørsaktivitetar.

Aktiv utan idrett

Også om dei ser vekk frå tala for den populære AFO-en (aktivitetsfritidsordninga), har Osbadet vekst. Dei starta AFO-en etter sommaren 2016, dermed blei 2017 første heile år med AFO, eit tilbod som har svingt mellom 100 og 130 elevar.

– Det som er ekstra gledeleg med AFO-en er at elevane er samansette frå fleire idrettar, og frå ingen idrettar. Fleire av dei som bruker denne ordninga har AFO som sin einaste aktivitet. Det betyr at tilbodet er med på å aktivisera ungdom som kanskje elles ville vore meir i ro, seier Jon Sivert Rykkel.

Tredobla aktivitet frå juni

I midten av juni skal den nye hallen stå klar til bruk. Os idrettspark aukar då frå éin til tre fulle handballflater, og dei tre hallane vil samla endå fleire ulike idrettar og skapa tilhøyrande auka aktivitet på kveldstid.

Det er Osbadet som driftar Os idrettspark med dei tilhøyrande hallane.

– Det siste året har vi jobba mykje med planlegging av drift av utvida anlegg, fortel Torbjørg.

Resepsjonen blir endra på, så kasse og mottak kjem meir inn mot entreen i den utvida foajeen. Serveringsareaelet blir òg større.

– Vi har allereie auka bemanning, det er folk på huset frå 7 om morgonen til 22.30 om kvelden. Mesteparten av reinhaldet har vi eige personell som tar, blant anna fordi vi vil ha våre eigne folk her til å stenga av kvar kveld. Det er òg ein tryggleik for dei som er i hallen. Vi har hatt ungdom som har blitt skadd på trening seint på kveld, der vi måtte hjelpa til.

Tar leikane med seg til sjøen

«Nattbading», eit tilbod med langope for ungdom på fredagskvelden, med musikk over høgtalarane og flytande hinder i bassenget, blei fast innslag éin gong i månaden gjennom året.

– Mengda gjestar desse kveldane har variert litt, men er samla sett så bra at vi vil nok halda fram med nattope gjennom 2018 òg, seier Jon Sivert.

I mars kjøpte Osbadet ei hinderløype av merket Wibit, tilsvarande som dei bruker utanfor fleire strender i Syden. Denne tok dei òg med seg til Oseanamarknaden i juni, der ungdom trassa gråvêret og testa hinderløypa i Mobergsvikjo (sjå video).

– Vi skal ta Wibit-en med til Mobergsvikjo også denne sommaren. Då tar vi kanskje med fleire ting, som hamsterballar, seier Jon Sivert.

I mellomtida held bygginga av hallen fram.

Om hallen

Areal: rundt 54 x 53 meter i grunnflate (2900 kvm).
Byggestart: Juni 2017
Ferdig: Juni 2018 (planlagt 15. juni)
Parkering:
Hallen får parkeringskjellar med 95-100 plassar. Dette er vesentleg meir enn dagens parkeringsplass som det no blir bygd på. I tillegg kjem 30 nye parkeringsplassar utandørs.

Innahald:

1. etasje
• Stor foajé
• To fullskala handballhallar til fleirebruk
• 6 garderobar (3 herre, 3 dame) med toalett og dusj
• 2 dommargarderobar
• 2 lager (45 og 105 kvm)

2. etasje
• Tribune på 143 kvm
• Toalett
• Teknisk rom 73 kvm
• 4 disponible rom (65, 124, 142 og 222 kvm)