Sport | 19. juli 2014

I kamp for Haugesund elite

Lysekloster-keeper Henrik Mjelva har fått innpass i byen der han i haust skal gå toppidrettsgymnas. I dag speler han kamp i Trondheim.

I kamp for Haugesund elite
Henrik Mjelva på plass i Trondheim med FK Haugesund. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 19. juli 2014 17:48

Søftelendingen Henrik Mjelva, som fyller 16 år på seinsommaren, gjekk i vinter frå Os til Lysekloster. Der har han vore fast keeper for andrelaget i 5. divisjon, men no er han lånt vekk til ein annan klubb.

– Toppidrettsgymnaset i Haugesund har veldig godt omdømme, derfor var eg veldig glad då eg fekk skuleplass der.

– Etter ein kamp mot Haugesund 2 var eg i dialog med trenaren deira, som sa at FK Haugesund sitt elitelag på gutesida mangla keeper til Get Cup.

Til Trondheim som tittelforsvarar

Det var ingen Mjelva på benken for førstelaget då Lysekloster spelte 0-0 borte mot Bjarg i juni. Då var 15-åringen nemleg på prøvespel for FK Haugesund sitt gutelag, og delte mål med Tippeliga-keeperen.

– Fotball betyr mykje i Haugesund, det er lett å sjå. Dei har eit veldig bra opplegg frå toppen og nedover i alderstrinna.

Henrik fekk keeperejobben og har denne veka vore i hardtrening i Haugesund fram mot Get Cup, ei eliteturnering i Trondheim som startar i dag.

– Haugesund G16 vann turneringa i fjor. I år er vi i pulje med Molde, Strømsgodset og Hønefoss sine gutelag, så det blir spennande frå start.

Speler kanskje vidare for Lysekloster

Kva som skjer til hausten er Mjelva usikker på.

– Kanskje kjem eg til å trena med Haugesund 2 og reisa heim for å spela med Lysekloster 2. Eg hadde håpa på å få debuten min på a-laget denne sesongen.

– Men om eg gjer det bra i denne cupen og dei vil satsa på meg vidare så kan det henda eg melder overgang.

– Uansett synest eg dette er ei kjekk erfaring. Det er dessutan fleire frå skulen eg skal gå på som også speler på dette laget.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.