Sport | 27. nov. 2014

I kø for å trena med Hassan og Kjersti

Ungdomen no til dags: Det tok under to døgn å få over 50 påmeldte til morgontreningane i Os Fotball Akademi.

I kø for å trena med Hassan og Kjersti
Hassan El Fakiri, som blir Os-trenar dei neste tre åra, skal i vinter vera med og trena ungdomen i Os på morgonakademi. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 27. nov. 2014 09:44

– Det var heilt enormt, det peip til og med i telefonen min om nettene etterkvart som påmeldingane tikka inn, fortel Endre Brenne.

Måndag fortalte vi om Os Akademiet, same dag sendte Os Fotball ut invitasjon til dei 24 morgonøktene med Kjersti Tysse Plätzer på basistrening innandørs og blant andre Hassan El Fakiri og Lars Bakkerud på kunstgraset.

– Vi har utvida kapasiteten frå 40 til 50 deltakarar, likevel hadde vi onsdag formiddag fleire på venteliste, fortel Brenne, som både er A-lagsspelar, instruktør på fotballfritidsordninga Telenor Xtra og tilsett i Os Fotball.

Akademiet er for fotballungdom frå 7. til 10. klasse.

– Vi er veldig glad for at det er så mykje ungdom som vil noko ekstra og som ikkje kvir seg for å stå opp tidleg for å utvikla seg som spelar.

Minst 8 av dei 50 første er jenter.

– No vil vi jobba med å utvida kapasiteten ytterlegare. Eg kan ikkje garantera noko, men vi vil prøva å få med flest mogleg og det går framleis an å stilla seg på venteliste i tilfelle vi får fleire plassar, seier Brenne.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.