Lokal | 25. juni 2016

I kongeleg hageselskap

Ni osinger, med ordførar Terje Søviknes og Erling Mortensen i spissen fekk ein opplevelsesrik ettermiddag då dei var i hageselskap med kongefamilien.

I kongeleg hageselskap
Osingane klare for kongeleg hageselskap på Gamlehaugen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 25. juni 2016 17:18

Kong Harald og Dronning Sonja feirer 25 år på trona med å reise med Kongeskipet langs kysten. På alle stadene dei har vore har dei invitert "vanlege" folk frå kommunane i fylket dei vitja til stasleg hageselskap.

Laurdag var kongefamilien i Bergen og inviterte til hageselskap på Gamlehaugen.

Ein god time før selskapet skulle ta til møtte Midtsiden ein spent gjeng osingar klare for avreise mot byen.

– Ja, eg er spent, fortalde ein sitrande Erling Mortensen, som fekk ein ekstra feiring av sin eigen bursdag frå dagen før med hageselskapet.

– Det er stas. Eg blei kjempeglad då eg blei invitert, smilte frivilliggeneral Tove Hille, som hadde lakka neglane i Os-oransje og kjøpt ny veske i same farge.

– Du veit Os inspirerar, lo Hille før dei ni steig ombord i bussen som skulle frakte dei til byen.

Rapportane frå selskapet tyder på at dei hadde ein triveleg ettermiddag i kongeleg selskap.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.