Sport | 25. mars 2015

I kveld brakar det laus

NM-kval: Éin ting er dei samde om, trenarane til Os og Lysekloster: det skal bli deilig å koma i gang med teljande kampar.

I kveld brakar det laus
Knut Eriksen Eide på Lysekloster og Erik Kanestrøm på Os møtast ikkje i 1. kvalikrunde til NM, men kan møtast seinare om begge tar seg vidare i kveld (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 25. mars 2015 08:19

I kveld speler Lysekloster og Os første kvalifiseringsrunde til NM. Lysekloster tar imot Bjarg heime på Edne i det som blir den siste kampen på gamlebanen før banen blir utvida og får nytt kunsgrasdekke.

Os reiser til Åstveit idrettspark for å møta studentane på NHH i det som er Hassan El Fakiri sin første offisielle kamp som Os-trenar.

Midtsiden er på begge kampane. Du kan følgje utviklinga i kampen på vår twitter-konto.

Éin ting er både Ørjan Sandal i Lysekloster og Hassan El Fakiri i Os einige om:

– Det er gøy å endeleg vera i gang.

Cupkamper alltid opne

Sandal fortel at tinga ser bra ut før kampen mot Bjarg.

– Troppen ser bra ut, vi er ikkje heilt på topp enno, men er innstilt på å visa oss fram frå ei god side i kveld.

– Cupkampar er alltid opne. Når vi i tillegg får eit lokaloppgjer mot Bjarg, så set det ekstra spiss på det heile.

– Eg ventar det blir ein tøff kamp, men er vi der vi skal vera så skal vi vinna, seier Sandal, som gler seg over gode vêrutsikter og ei fin ramme rundt kampen i Lysefjorden.

Siste før ny bane

Lysekloster er i ferd med å rusta opp idrettsparken i Lysefjorden, og kampen blir den siste på den gamle banen.

– I serien har vi tre bortekampar før vi tek imot Brann 2 heime 4. mai.

– Til då skal den nye større Lysekloster-banen stå ferdig med nytt dekke. Det gler vi oss til.

Veit lite om motstandaren

Hassan El Fakiri har ikkje brukt mykje tid på å studera motstandarane frå NHH før kveldens oppgjer.

– Dei veit eg lite om. Det er jo slik med studentlaga at plutseleg har dei nokre studentar som har spelt på eit brukbart nivå tidlegare.

– Vi må berre halde fokusen på vårt eige spel og konsentrera oss om det vi kan gjera noko med, seier Os-trenaren.

Litt sjukdom i troppen

Os har, etter treningsleiren på Kypros, slite med litt sjukdom i troppen.

– Tre av spelarane har hatt omgangssjuke etter at vi kom heim. Om dei er klare til i kveld veit eg ikkje enno.

– Uansett ser troppen bra ut. Vi har hatt ein god treningsleir og ein god treningsvinter.

– Spelarane er på og konsentrerte, så vi byrjar å få spelet til å sitta slik eg vil.

– Så gjenstår det å sjå om spelarane får det ut i kveld, eller om dei knyt seg no når alvoret byrjar, seier El Fakiri.

Begge kampane startar klokka 18.00 onsdag kveld.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.