Sport | 21. juli 2016

I mål etter 19 effektive timar

Ole og Klas la bak seg 110 km, fleire av dei i snø og i myr, og er no i mål på Vinje.

I mål etter 19 effektive timar
Ein velforten slurk med kald cola etter 110 kilometer med løping frå Modalen til Engjaland. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 21. juli 2016 13:57

Bildeserie:

Klas Færøvik fortel om mykje fin natur, men òg mykje snø, myr og gjørme.
Klas Færøvik fortel om mykje fin natur, men òg mykje snø, myr og gjørme.
Ole Norstad er vant med å løpa i ørken, men fekk tynt seg også i den norske fjellheimen.
Ole Norstad er vant med å løpa i ørken, men fekk tynt seg også i den norske fjellheimen.
Overnattingane har vore i turisthytter.
Overnattingane har vore i turisthytter.
Gutane hadde mat i sekken, men i hyttene var hyllene fulle.
Gutane hadde mat i sekken, men i hyttene var hyllene fulle.
Etter 110 km og 6000 høgdemeter er dei no i mål.
Etter 110 km og 6000 høgdemeter er dei no i mål.
1 av 5

– Vi bomma nokre gongar på løypa og terrenget var langt meir krevjande enn venta, seier Klas Færøvik.

Saman med ørkenløpar Ole Norstad har han løpt frå Modalen til Voss. Turen blei langt frå like tørr som Ole er vant med.

– Det blei fleire mil i snø og endå fleire mil i myr og gjørme, sa Klas ein halvtime før ankomst i sivilisasjonen i Voss kommune. Dei to jogga til Vinje for å få seg kvar si kald cola.

19 effektive timar

Turen starta for to døgn sidan og dei hadde sett av tre døgn til løpet i Stølsheimen.

I løpet av dei to døgna har det blitt 19 effektive timar med løping.

Ruta gjekk via Skavlabu, Vardalsbu, Nordalshytten, Solrenningen, Åsebø, Selhammar og Torvedalshytta.

Turen starta i Modalen og enda på Engjaland.

6000 høgdemeter

Ikkje berre har dei lagt bak seg 110 kilometer, 6000 høgdemeter er forsert.

– Det blei ei fin naturoppleving, men tøffare enn vi trudde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.