Lokal | 22. apr. 2015

I morgon går desse under hammaren

Politiet held auksjon for å kvitta seg med syklane som blei funnen i Os i fjor.

I morgon går desse under hammaren
Oddbjørn Dyrdal med syklane som skal seljast på auksjon torsdag ettermiddag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 22. apr. 2015 12:51

Kvart år blir det funne ein del syklar rundtom i Os. Det blir også stole nokre syklar, men det er ifølgje lensmann Oddbjørn Dyrdal sjeldan at nokon kjem og spør om politiet har funne eller fått inn sykkelen deira.

– Dei reknar kanskje med at dei ikkje kjem til å finna den igjen. Får dei pengar til ny frå forsikringsselskapet så gir dei nok i alle fall opp å leita.

Om du har mista sykkelen din bør du uansett ha rammenummeret på denne for at politiet skal veta om det er nettopp din sykkel dei eventuelt har ståande i hittegodset.

– Dette med rammenummer kan mange bli flinkare til. Melder du ifrå om ein stolen sykkel og vi får rammenummeret så er saken veldig grei om vi eller andre finn sykkelen igjen.

Held auksjon

Torsdag ettermiddag er det tid for årets auksjon frå Os lensmannskontor sitt hittegodslager.

– Regelen er at hittegodset skal ha lagt hos oss i minst seks månadar.

– Men ingenting har lagt her lenger enn 12 månadar, for om det hadde vore noko igjen etter auksjonen i fjor så ville det gått rett til destruksjon.

I 2014 blei alt selt. Det som eventuelt ikkje blir selt i morgon blir destruert. Inntektene går til Statens Innkrevingssentral.

Kan sykla til Kuventræ

Tidlegare år har det vore ei lett blanding av syklar, smykker, hagereiskap og anna. I år er det nesten berre syklar på lista.

– Vi har ei tvillingtrille med tre hjul, om du har tvillingar eller to småungar som er jamn i alder. Elles er det rundt 15 syklar som skal seljast.

Auksjonen startar klokka 16 torsdag og utropsprisen er null kroner.

– Kanskje du kan gjera eit varp og sykla opp til Os-Brann, så slepp du uroa deg for parkering på Kuventræ, foreslår lensmannen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.