Lokal | 13. okt. 2015

I morgon ringer Marie deg

Tv-aksjonen 2015. Er du bedriftseigar i Os risikerar du onsdag å få ein telefon frå varaordføraren med spørsmål om å bidra.

I morgon ringer Marie deg
Onsdag får 30 bedriftseigarar ein telefon frå varaordførar Marie Bruarøy med oppmoding om å støtta TV-aksjonen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 13. okt. 2015 12:46

Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon på NRK «Vi skal vokte regnskogen» til inntekt for Regnskogfondet av stabelen, men allereie i morgon, onsdag, kan bedriftseigarar i Os bli utfordra til å gje eit bidrag.

– Kommunane har blitt utfordra til å stille på ein ringedugnad, kor ordførarane eller varaordførarane i kommunane i Hordaland skal ringa til bedrifter i si heimkommune. Eg skal vera vår representant og kjem i morgon til å ringa 30 bedrifter i Os, seier varaordførar Marie Bruarøy (H).

– Eg har ikkje lyst til å røpa kven eg kjem til å ringa no, men oppmodar alle til å tenkje gjennom kva dei kan bidra med. Det er ikkje om å bidra med mest, men etter evne.

Konkurrerar med Sør-Trøndelag

Os kommune, har i tillegg til å stilla Marie til disposisjon som ringemannskap, løyva ei krone per innbyggar til årets TV-aksjon.

– I fjor var vi jo med å konkurrerte med andre kommunar i Noreg om å samla inn mest mogleg. I år har dei valgd ei litt anna løysing og sett fylka opp mot kvarandre. Vi i Hordaland konkurrerar mot Sør-Trøndelag om å få inn mest mogleg per innbyggar. Vi kan jo ikkje la oss slå av trønderane, seier Bruarøy.

– Bli med

I tillegg til å oppmoda bedriftseigarane til å bidra har varaordføraren ei oppmoding til.

– Den går til alle osingar. Aksjonskomiteen treng framleis bøsseberarar, så det er berre å melda seg til Tove Hille på frivilligsentralen eller registrera seg på blimed.no.

– I tillegg oppfordrar eg sjølvsagt osingane til å gje, når bøsseberarane kjem søndag, avsluttar Bruarøy.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.