Lokal | 25. mars 2017

I natt stoppar festen tidleg

– Då vi i jula måtte stenga tidleg, var folk heldigvis tidleg med å koma ut, seier Bjarte, som prøver å laga vorspielstemning før vi skal stilla klokka.

I natt stoppar festen tidleg
Når klokka stilles ein time fram i natt må Catten slutta skjenkinga (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 25. mars 2017 08:09

Klokka 2 natt til søndag skal vi stilla klokka fram til 3. Det blir ein kortare fest for dei som skal ut, ein tidlegare morgon for dei som skal opp - og langt lysare kveldar i dagane som kjem.

For utelivsbransjen i Os er kvelden nærmast halvert.

– Ofte blir klokka 1-1.30 før lokalet er fylt med gjestar. I jula, då 1. juledag hamna på ein dag der det viste seg at vi ikkje hadde skjenking, fekk folk det heldigvis med seg. Dei kom tidleg og natta blei eit eventyr, seier Bjarte Andersen hos Catten.

Laurdag kveld håper han at folk kjem tidlegare ut.

– Det seier eg ikkje berre for å prøva å oppnå god omsetnad, men fordi det ikkje er kjekt for nokon å avslutta festen med det same han har kome i gang. Vi set chips og peanøtter utover borda frå opning klokka 23, så folk kan ta delar av vorspielet saman med andre.

Sjokkert over Solsiden-konkurs

Då Midtsiden tok kontakt for å høyra om forventningar til den korte sommarnatta vil Andersen først kommentera den tidlegare konkurrenten.

– Eg fekk sjokk då eg torsdag ettermiddag las om Solsiden sin konkurs. Det kom brått på, og sjølv om det kan føra til auka besøk hos oss synest eg det er trist.

Kan få konsekvensar for Catten og Empire

Andersen er i ferd med å bygga sin andre uteplass i Os, Empire, som skal ha aldersgrense 18 år.

– Eg har vurdert å skilja dei to plassane endå tydelegare, med maksgrense på Empire og auka aldersgrense på delar av Catten. Vi har sjanse til å dela Catten i to, loungen, der pianobaren er, og resten.

– Når Solsiden no har kasta inn handkledet, og fleire vaksne treng ein plass å vera og kanskje ikkje ønskjer å treffa venane til eigne born når dei er ute, kan dette bli endå meir aktuelt.

Men først skal alt på plass på Empire, med stifting og skjenkeløyve. Om alt går på skjener blir det opning til påske.

Visste du at …?

• Sommartid blei først foreslått av Benjamin Franklin i eit essay i 1784, men det blei ikkje tatt i bruk før første verdskrig; Tyskland var først ute i 1916, så følgde Storbritannia.

• Sommartid blir brukt i dei tempererte stroka i verda, i tropane varierer dagen så lite at det er lite praktisk der.

• I Europa er det i 2017 berre Island, Russland og Kviterussland som ikkje har sommartid.

• Noreg har hatt sommartid i 1916, 1940–45 og 1959–65 og kvart år sidan 1980. • Sommartid startar natt til siste søndag i mars og varer til siste søndag i oktober. Då stiller vi klokka tilbake til normaltid (ikkje til «vintertid»).

Kjelde: Wikipedia

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.