Kunstnar Marit Victoria Wulff Andreassen og kunsthistorikar Sigrun Åsebø vil samtala om Wulff Andreassen sine verk i samband med opninga (pressefoto)

I samtale om kunsten

Oseana med nytt tilbod når kunstnar Marit Victoria Wulff Andreassen og kunsthistorikar Sigrun Åsebø samtalar om Wullf Andreassen sine kunstverk.

Av: Andris Hamre

Laurdag opner Marit Victoria Wulff Andreassen utstillinga «Regress» i Galleri Hvelvet på Oseana. Til utstillinga kjem også Sigrun Åsebø, kunsthistorikar frå Universitetet i Bergen.

– Det er første gang vi arrangerer ei kunstnersamtale i Oseana si historie. Eg håper kunstinteresserte osingar og bergensarar møter manns- og ikkje minst kvinnesterke til kunstsamtalen, seier kurator Evelyn Holm.

– Sigrun Åsebø har djup kjennskap til Wullf Andreassen sitt kunstnarskap. Som forskar fokuserar ho på kjøn, kropp og sensualitet i billedkunsten og på kvinnelege kunstnarar både i eit historisk og samtidsperspektiv. Ho er ein populær forelesar på UiB og eg trur det blir ein interessant samtale som vil vera med på å opne verka for publikum.

– Ei gåvepakke

Utstillinga til Wulff Andreassen både forfører og provoserer.

– Eg gler meg som eit barn til denne utstillinga. Marit Victoria sine teikningar har fascinert meg sidan eg såg hennar første soloutstilling i Stavanger i 2003. Å få lov til å stilla henne ut på Oseana no, føles rett og slett som ei gåvepakke, seier Holm om utstillinga. 

Forførande og provoserande

Wulff Andreassen sine kunstverk både forførar og provoserar og blir ofte satt inn i ein kjønspolitisk samanheng, men om det dreier seg om ein feminin eller feministisk estetikk er ikkje lett å avgjera.

– Tematisk har jeg bevega meg innover, både i kroppen og i forsøket på å forstå dei psykologiske og fysiologiske prosessar som knyt seg til det å vera menneskje og kvinne. 

– Fascinasjonen over naturen og likskapen mellom kroppen sitt indre landskap og naturen sine organiske former har vore der sidan barndommen. Det same har interessen for kropp, kjønn, identitet og psykologi, forklarar kunstnaren sjølv i ei pressemelding.