Kultur | 19. nov. 2017

I studio med 70 hundar og 70 eigarar

– Responsen var stor, eg måtte seia stopp, fortel fotograf Jannice Bårtvedt.

I studio med 70 hundar og 70 eigarar
Jannice hadde ambisjonar om å samla 20 hundar med eigarar. På 70 sa ho stopp. (Foto: Jannice Bårtvedt)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 19. nov. 2017 21:07

Bildeserie:

(Foto: Jannice Bårtvedt)
(Foto: Jannice Bårtvedt)
(Foto: Jannice Bårtvedt)
(Foto: Jannice Bårtvedt)
(Foto: Jannice Bårtvedt)
(Foto: Jannice Bårtvedt)
(Foto: Jannice Bårtvedt)
(Foto: Jannice Bårtvedt)
1 av 4
(Foto: Jannice Bårtvedt)
(Foto: Jannice Bårtvedt)
(Foto: Jannice Bårtvedt)
(Foto: Jannice Bårtvedt)

Jannice Bårtvedt frå Os jobba deltid som fotograf i fem år før ho i juni tok permisjon også frå dei siste prosentane i barnehagen.

– Eg har vore heldig som har fått ta det gradvis, først med 80 prosent stilling i barnehagen på Søfteland, så med 60 prosent. Etter å ha vore fotograf på fulltid sidan juni sa eg i august opp det faste og trygge, seier Jannice.

Tilfeldigvis hadde ho samtidig nokre ledige luker i timeboka. Desse fylte ho raskt opp med eit prosjekt ho har hatt på ønskjelista i fem år.

Hadde mål om 20 - fekk over 200

Interessa for foto kom for 12 år sidan, og då ho for seks år sidan var heime i mammapermisjon bestemte ho seg for å bruka ledig tid på å læra seg å ta portrettbilde. Jannice blei medlem i Os Fotoklubb og ho hadde fotostudio saman med fem andre.

No driv ho studio for seg sjølv, på Midtun.

– Det blir mest portrett og familiebilde, men også nokre hundar, anten åleine eller med familien.

– Men dette prosjektet var noko anna. Eg ville ha bilde av hund med eigar, og eg ville ha bilde av hunden først, så kunne eigar prøva å matcha.

Meir enn 60 ulike hunderasar

Responsen var betre enn venta. Ho hadde ambisjon om 20 hundar med eigar, mens heile 238 meldte seg.

– Eg måtte seia stopp éin plass, då blei det 70.

– Korleis sorterte du?

– Den første som meldte seg per rase fekk vera med. Det gjekk litt fort i svingane, som det kom tre border collier, som ikkje liknar kvarandre, og to kongepudlar. Men det er likevel over 60 ulike hunderasar i bildet.

Fleire fellestrekk

Det er ikkje alltid at vaksne som blir fotografert er like komfortabel framfor linsa, men som du ser på bilda i montasjen slepp fleire av hundeeigarane seg laus.

– Sidan vi følgde posituren til hunden, blei det ei eigen leiken stemning. Det var veldig gøye dagar i studioet!

Jannice var opptatt av, for å få framdrift, at det måtte vera ein start og ein stopp på prosjektet.

– Eg annonserte 19. september, og var i studio med første hund to dagar etter, og 16. oktober blei siste bildet tatt. Eg kunne brukt endå lengre tid, både til fleire foto og til meir perfeksjon, men slike prosjekt kan drøya i årevis viss ikkje du bestemmer deg for ein sluttdato.

– Blei myten om at eigarar liknar på hundane sine stadfesta?

– Ja, heilt klart! synest fotografen.

– Og hundeeigarane hadde fleire fellestrekk med kvarandre; alle er svært nøgde med hunderasen dei har valt, alle har valt den beste! Ikkje berre det, dei fleste har valt det beste eksemplaret av den beste rasen! Hundeeigarane er stolte av sin firbeinte ven.

– Alle utanom éin. Ho var ikkje nøgd med verken rase eller framferd. Då eg spurde om ikkje ho ville kvitta seg med hunden fekk eg inntrykk av at det var heilt uaktuelt. Då bildet var tatt la ho dette ut på facebook, og då kom det klart fram at dette er ein hund ho er veldig glad i.

I alt tok prosjektet cirka 250 timar. Torsdag viste ho bildet i møte med fotoklubben, i tillegg blei det posta på Facebook.

• På jannichesfoto.no kan du zooma i bildet og sjå nærmare på kvar hund med eigar

– Eg er takksam for både oppslutnaden og fine tilbakemeldingar på idé og resultat!

– Kva skal du gjera med bildet? Blir det stilt ut?

– Det veit eg ikkje. Men eg vil i alle fall printa ein større kopi og henga på veggen i gangen inn til fotostudioet mitt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.