Lokal | 12. sep. 2015

Identitet og kulturminnevern

Lesarinnlegg: Ein av dei store utfordringane ved å oppleva kraftig vekst for ein kommune er at stadsidentiteten forvitrar. Då er det særleg viktig å ivareta den lokale kulturhistoria.

Identitet og kulturminnevern
Oselvaren er eit viktig kulturminne i Os (foto: AH)
Andris Hamrelørdag 12. sep. 2015 07:44

Den lokale kulturhistoria er sjølve berebjelken i stadsidentitet. I Os ligg den i stor grad urørt og lite synleg. Eksempelvis er det arkitektoniske uttrykket som definerte Os i stor grad forsvunne bak preglaus arkitektur. Denne var moderne og nyvinnande då den vart oppført, men manglar det varige og tidlause, og framstår difor no som håplaust utdatert. I andre enden enda Oseana opp som eit riktig flott bygg, men det er ikkje mykje spor av noko som kan seiast å vera spesielt “Os” i uttrykket.

Det å kjenna si heilt lokale historie er viktig både for personlig identitet og lokalsamfunn. Det er tanken bak Kulturminnedagane 2015, som tek til i dag. Temaet er N​abolag ­ menneske, kulturminne, historie som tema. H​er er det mykje å hente til inspirasjon i debatten om fornying og utvikling av sentrum og Os.

Sjå sørover

Dei verkelege verdiane i bygda er ekko etter svunne, fantastiske tider; helleristingar og oldtidsbustadar, viktige gravhaugar og ruinane etter eit av dei største og rikaste klostra som har eksistert i Noreg. Gjennom heile fylket finst det også gardar og bygningar som representerer historisk byggeskikk frå Vestlandet. I Os vert det ikkje gjort dei heilt store forsøka på å ta vare på slikt, trass i at desse ber vitnesbyrd om særpreg og lokalhistorie som kunne bidrege til byggjing og vidareføring av stadsidentiteten til Os. Det er mange døme på kommunar som har mestra dette, eksempelvis Moster kommune, som verkeleg har gått inn for å bokstaveleg grava og løfta fram ei usedvanleg rik og fascinerande kulturhistorie. Vi har alle føresetnader for å gjera dette, også i Os!

Kultur­ og fornminna våre representerer felles tradisjonar og historie. Dette bør det satsast meir på, og som må fram i ljoset, ikkje berre på lokalt plan, men regionalt, og også nasjonalt. Os har nemleg hatt heilt spesiell betydning nasjonalt innan treskoproduksjon og rosemåling. Så viktig var rosemålingstradisjonen i Os at den vert rekna som ein av kun ni nasjonale stilartar. I 1891 vart det seld om lag 80.000 par tresko produsert på Os, og så seint som i 20­åra var det framleis heile 70 treskomakarar aktive i Os. Det er direkte merkeleg at desse tradisjonane ikkje er via større plass i Os.

Kan vera lønsamt

Miljøpartiet Dei Grøne Os vil løfta fram for almogen den rike kulturhistoria vår og sikra at den vert teke vare på for ettertida. Dette er fellesverdiar som burde vera synlege og tilgjengelege. Dette er gjerne ting som òg burde ha økonomisk verdi for kommune og grunneigarar. Moster nyt godt av turismen, og alle solemerke tydar på at deira prosjekt er ein kjempesuksess.

Det må sjølvsagt påpeikast at vi ikkje er forutan gode prosjekt også i Os. Døme på det er Oselvarverkstaden, som ligg midt i sentrum, og det historiske tunet på Lyngheim. Oselvaren er Noregs nasjonalbåt, og det skulle berre mangla at den ikkje vart løfta tydelegare fram. Lyngheim representerer noko heilt anna, men er som Oselvarverkstaden blant dei beste tiltaka for å nettopp skapa ei bru mellom det historiske og det samtidige Os. Her er det brukt historisk byggeskikk for å skapa eit samlingspunkt for aktivitetar og kultur. Dette er akkurat den typen prosjekt kommunen burde stø sterkare opp under.

Politisk fasade

I debatten om bevaring av Fjellheim blir det ofte argumentert med at bygget sitt arkitektoniske særpreg har spelt ei viktig rolle for lokalkulturen. At Fjellheim blir avskriven av kommunen er nok eit symptom på manglande vilje til å bevare ettertida. Eit prov på dette er óg mangelen på heilskapeleg tenkning i areal­ og byggepolitikk. Styringa i kommunen er klar på at dei ikkje skal blanda seg inn i kva enkeltmenneske vil gjera på sine eigedomar. Dette er ein sikker måte for å sørgja for at det ikkje finst nokon form for einskapleg haldning til det som skal vera Osbygda sitt andlet utad. Men det er godt at kommunen har uttalt at det skal vera gjennomtenkte planar for utforminga av nytt sentrum. Vona må vera at det historiske Os vil ha ein sterk plass i det nye uttrykket.

Bevaring av fornminne

Heilt til sist er det viktig å poengtera at ein del problematikk rundt bevaring av fornminner er knytt til at grunneigarar opplever det belastande både økonomisk og praktisk. Spesielt gravhaugane har vore gjenstand for mykje konflikt, og det har mellom anna vore utførd uboteleg skade på nokre av fornminna våre, med viten og vilje. Det er forståeleg at det kan bli frustrerande for grunneigarar som blir sitjande med eit stort ansvar, som kanskje også er til bry for drift av m.a. gard. Kulturminnevern skal ikkje vera ei byrde, det bør vera ein berikelse. Difor foreslår Miljøpartiet Dei Grøne i Os at det bør opprettast tilskotsordningar der det offentlege tek over delar av det økonomiske og praktiske ansvaret rundt bevaring. Dette må sjølvsagt behandlast på høgare nivå, men det skal vera mogeleg å starta med dette arbeidet på lokalt plan.

Så er det berre å sjå fram til markeringa av Kulturminnedagane i Os i dag 12. september kl 12.00 og Kultureininga sin presentasjon av “Lyden av nabolaget.” Kulturminnedagane og denne Det kan bli eit godt utgongspunkt for å starta arbeidet med å løfta fram det historiske Os.

Bjørn T. Bøe, Miljøpartiet Dei Grøne

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.