Lokal | 05. feb. 2018

Ikkje auka utgifter av SIO

Ny SIO-rapport syner ingen klar tendens til auka kommunale utgifter som følgje av den statlege finansieringa av omsorgstenester.

Ikkje auka utgifter av SIO
Jonas Rusten Vang frå Agenda Kaupang presenterte den nye rapporten for tilsette og politikarar i Os kommune (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 05. feb. 2018 09:46

1. mai 2016 starta forsøksprosjektet med statleg finansiering av omsorgstenester (SIO) kor Os kommune er ei av fire kommunar kor staten finansierer og set vilkår for tildeling av omsorgstenestene.

Førre veke fekk politikarar og administrasjon presentert den andre følgjerapporten frå Agenda Kaupang.

– Evalueringsoppdraget skal gje svar på om modellen med statleg finansiering gir auka likehandsaming på tvers av kommunegrenser og om det gir riktigare behovsdekning for innbyggjarane, innleia Jonas Rusten Vang frå Agenda Kaupang.

Inga klar tendens

Konsulentselskapet har i rapporten sett på tal frå 2016 og dei første åtte månadane i 2017.

– Det er inga klar tendens i auka kommunale utgifter som følgje av SIO, men dette må vi sjå meir på når vi har dei komplette tala for 2017. Desse blir det jobba med no og det vil bli lagt fram ein ny rapport i løpet av våren.

Kommunen held att

I samband med evalueringa har Agenda Kaupang satt fram fleire ulike hypoteser som dei testar. Ei av hypotesene er at auka økonomiske rammer vil føre til fleire kostbare tenester.

– Det er for tidleg å seie noko om dette enno. 2016-tala viser eit brot i den langsiktige trenden mot meir heimebasert omsorg, men det kan vera tilfeldig.

– Alle kommunane som er med veit at ein frå 2019 skal tilbake til normalen. Det er difor veldig stor medvet på at ein ikkje skal auke på noko. Kommunane har freist å halde tenestenivået konstant og ikkje auke grunna forsøket. Vi trur det er den faglege vurderinga som framleis gjeld, ikkje finansieringsmodellen, men det blir samstundes rapportert om meir rom for å innføra lågterskeltiltak, forklarte Vang.

– I kor stor grad meiner de kommunene ikkje freister å endra omfanget for dei veit dei skal tilbake til normalen i 2019, undra Nils-Anders Nøttseter (MDG).

– Vi trur kommunen er ekstremt fokuserte på det. Om ein går med overskot, så kanaliseres det mot langsiktige tiltak og ikkje løpande utgifter, svara Vang som også peika på at ein ikkje har sett at tildelingane har blitt meir økonomisk motiverte, slik ein har sett i spesialisthelsetenesta då den blei stykkprisfinansiert.

Positiv læring og samarbeid

Ei anna hypotese konsulentane ønskjer å teste er i kva stor grad meir statleg styring har av effekt på kommunen sine tildelingar av omsorgstenestene.

– Mykje tyder på at samarbeidet med helsedirektoratet og verktøya ein nyttar i forsøket har stor verknad på kommunen sin tildelingspraksis. Mykje tyder på at den samla pakken ein har hatt med å jobbe med vedtaka, kompetanse og rapportering har verka veldig positivt på tildelinga i kommunen. Vi ser jamnt over at vedtaka treff betre no enn tidlegare og at ein har auka samhandlinga med andre delar av kommunen, spesielt med økonomiavdelinga, forklarte konsulenten.

Bilde stemmer

Prosjektleiar Barbra Træland meinte at rapporten gav eit treffande bilde.

– Eg opplever at undersøkelsen gir eit treffande bilde, men er spent på 2017-tala. Når SIO-prosjektet blir avslutta, så har vi tenkt å halde fram med mykje av det vi gjer per dags dato. Vi har eit heilt anna bilde i dag enn tidligare, så det skal vi halde fram med.

– Når det gjeld forsøkte, så meiner vi at vi er piloter i ei forsøksordning. Vi har ikkje fått presentert eit system som vi kunne nytta frå dag éin, men vore med på å utvikle systema. Eg meiner vi har mykje å gje andre kommunar, vi som har vore A-kommunar i SIO-prosjektet, oppsummerte Træland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.