Kultur | 15. sep. 2013

– Ikkje ein i saueflokken

Eirik Søfteland fekk ein flott debut i Skal vi danse.

– Ikkje ein i saueflokken
Eirik Søfteland. (Foto: Svein Bringsdal/TV2)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 15. sep. 2013 07:15

Laurdag kveld tok Eirik sitt første steg inn i TV2-konkurranse nummer to i år, Skal vi danse, og Idol-finalisten fekk som sistemann ut ein strålande start med sin cha cha.

Eirik fekk saman med sin dansepartnar, Nadya Khamitskaya, 31 poeng og hamna på 3. plass i første runde.

– Tru på deg sjølv og rytme er viktige faktorar når det kjem til dans, og du har begge delar, sa dommar Trine Dehli Cleve.

– Men pass på så ikkje du slepp deg for mykje laus, vi ser også etter teknikk, åtvara ho.

Det fekk dommarkollega Tor Fløysvik til å skyta inn:

– Eg er ikkje einig i det. Hald fram med det du gjer, du har allereie din eigne personlege stil, du er ein mann, du er ikkje ein som står midt i saueflokken, meinte Fløysvik.

Her er oversikta over deltakarane og poengsummen deira:
1. Kathrine Sørland og Tom Erik Nilsen: 39 poeng
2. Kim-Daniel Sannes og Elena Bocoreva Wiulsrud: 35 poeng
3. Eirik Søfteland og Nadya Khamitskaya: 31 poeng
4. Rein Alexander og Marianne Sandaker: 27 poeng
5. Venke Knutson og Egor Filipenko: 21 poeng
6. Isabella Martinsen og Lars Alexander Wiulsrud: 20 poeng
7. Eli Hagen og Bjørn Wettre Holthe: 20 poeng
8. Pål Anders Ullevålseter og Anette Stokke: 20 poeng
9. Linda Johansen og Glenn Jørgen Sandaker: 19 poeng
10. Carl I. Hagen og Therese Cleve: 18 poeng
11. Jarl Goli og Olga Divakova: 17 poeng

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.