Lokal | 07. feb. 2018

– Ikkje gå i fella

Politiet åtvarar mot falsk e-post frå Skatteetaten.

– Ikkje gå i fella
Politiet åtvarar mot epostar av denne typen som hevdar dei er frå skatteetaten
Andris Hamreonsdag 07. feb. 2018 07:31

Dei siste dagane har fleire motteke e-post tilsynelatande frå Skatteetaten. I e-posten som har overskrifta Skatteberegning for selvangivelse inntektsåret 2017 står det at mottakaren er berettiga til å motta ein skatterefusjon. Den inneheld ei lenke til ei nettside kor ein tilsynelatande kan starte skatteberegninga for sjølvmeldinga.

– Dette er ein svindel-epost, som kan vera greit å gjera folk merksamme på slik at våre innbyggjarar ikkje "går i fella", seier politioverbetjent Rune Fimreite ved Os lensmannskontor.

Alt via Altinn

Også Skatteetaten åtvarar mot desse svindel-epostane.

– Dette er eit forsøk på svindel og identitetstjuveri. Vi ber deg om å slette e-posten.

– Dette er eit såkalla phishing-forsøk, kor ein forsøker å lure til seg sensitiv dokumentasjon som kan bli brukt til identitetstjuveri og svindel. Skatteetaten vil aldri be om sensitiv dokumentasjon, kredittkortinformasjon eller kontonummer via e-post, opplyser dei.

Om du har gitt frå deg sensitive opplysningar som passkopi eller kort- og kodeopplysningar som blei etterspurt frå ein svinde-epost, så må du sperre det så rakst som mogleg.

– Ikkje oppgi noko av informasjonen dei ber om, eller svar på eposten. Trykk ikkje på nokon lenke eller vedlegg. Vær klar over at avsendar, ordlyd og beløp kan variera. Vær alltid på vakt, oppmodar skatteetaten.

All kommunikasjon med skatteetaten gjer du via deira heimeside og ved hjelp av innlogging med Altinn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.