Lokal | 02. nov. 2017

– Ikkje greitt

Eit samstemt kommunestyre refsa den politiske og administrative styringa av kommunen sin investeringsprosjekt.

– Ikkje greitt
Ståle Skaatun var ein av politikarane som var kritisk til prosjektstyringa i kommunen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 02. nov. 2017 07:18

Då OHARA i si tid blei planlagt, var dei første kalkylane på 120 millionar kroner. Då prosjektet blei flytta til Moberg etter eit politisk press/val, var kostnaden på 240 millionar kroner då politikarane vedtok det.

I samband med handsaminga av 2. tertialrapport blei det klart at budsjettramma no var kome opp i 430 millionar kroner, etter at administrasjonen har varsla ei ny budsjettauke på 59 millionar kroner.

Auka er ikkje grei

Dette fekk fleire av politikarane til å reagera kraftig.

– OHARA er eit stort prosjekt kor vi ser behovet 20-30-40 år fram i tid. Dette treng vi i Os. Det var var eit veldig vanskeleg vedtak då vi vedtok det for fem seks år siden, når vi no får ei ytterleg auke på 59 millionar kroner, eller omlag 3000 kroner per innbyggjar, så er det viktig å påpeike at det ikkje er greitt. Vi må treffe betre på kalkylane våre, kommenterte Ståle Skaatun (H).

– Nærmar oss ein halv milliard

Glenn Erik Haugland (V) følgde opp.

– Her har det vore ein total mangel på prosjektleiing og politisk leiing. Vi nærmar oss ein halv milliard. Det tilsvarar to anlegg til det vi eigentleg hadde tenkt. Eg får stadig vekk henvendelser frå osingar som er redd for høge kommunale avgifter.

– For ein gjennomsnittleg familie snakker vi om opp mot 84 000 kroner når det står ferdig.

– Dette er eit politisk ansvar for dei som gjekk inn for prosjektet. Innbyggjarane har krav på at politikarane følgjer prosjekta tett, kommenterte Haugland.

Venstre var eit av dei partia som i si tid ikkje røysta for plassering av OHARA på Moberg med utlufting i Liafjellet.

Ikkje berre OHARA

Arild Mads Nilsen (Ap) var samd i at politikarane har eit ansvar.

– Det er klart vi har det. Eg var òg med på det. Men vi vedtok ein sum mykje lågare enn dette. Det var den summen vi trudde det var mogleg å byggja for. Enten er vi ført bak lyset, eller så har vi for dårlege rutinar. Det er ikkje berre OHARA som har overskridingar.

– Spørsmålet er kva kommunestyret vil vi skal gjera når det gjeld prosjekt i Os kommune. Det er ein debatt vi må ta, påpeikte Nilsen.

Vil ha ein forvaltningsrevisjon

Nils-Anders Nøttseter (MDG) meiner det er på tide med ein forvaltningsrevisjon av alle prosjekt og styringa av desse.

– OHARA forklaringa er ikkje god nok. 100 millionar ekstra i gjeld kostar oss 6 millionar årleg i driftsutgifter. Det er det same som heile driftsbudsjettet til Halhjem barneskule.

– På bakgrunn av gjentekne store og sterkt kritiserte budsjettsprekker i mange av investeringsprosjekta våre gjev Os kommunestyre kontrollutvalet i oppgåve å gjennomføra ei samla forvaltningsrevisjon av alle større investeringsprosjekt dei siste åra der mellom anna prosjektmetode og økonomistyring blir gjennomgått, for å sikre at kommunen lærer av sine feil og at vi blir betre på styring av denne typen prosjekt, fremja Nøttseter som forslag.

Har mista kontrollen

Tryggve Lillestøl (KrF) følgde opp.

– Eg høyrer at det går så det susar, men vi har mista kontrollen. Alle investeringsbudsjetta sprekk. Nokre har vi vore med på sjølv, det er ikkje berre adminstrasjonen som skal ha skulda, men vi kan ikkje gå på slike sprekker.

– Skulen aust om elvo har allereie sprukke med 120 millionar før den er vedteken. Det er for mykje dårleg arbeid. Luranetunet er ein fantastisk ting, men vil den få konsekvenser for kommuneøkonomien når SIO-prosjektet er ferdig, undra Lillestøl.

Vil koma med forslag

Heller ikkje Espen Aspenes (Frp) var nøgd med tilstanden og varsla eit verbalvedtak i budsjettprosessen.

– I høve OHARA så må vi alle ta ansvar. Det var berre KrF og Venstre som gjekk mot flyttinga. Med om lag 8000 betalande abonnentar så blir det 15 000 per abonnement.

– Vi kan ikkje berre auka fordi det er sjølvkostområde. På dette område er vi ikkje gode nok, og vi vil fremja eit forslag om å gjera ting annleis i budsjettprosessen.

– Har prosjektavdelinga gode nok verktøy og rutinar i høve innsamlingsfasen, prosjekteringsfasen og gjennomføringsfasen til å oppdaga uønska økonomiske konsekvensar i tide, undra Aspenes før Terje Sperrevik (TVS) utfordra formannskapsmedlemmane.

– Eg er usikker på om formannskapet er nok på i høve å vera på prosjekta som er når vi får desse overskridingane. Tek vi for lett på det når vi berre sender rekninga til innbyggjarane. Eg er litt engsteleg for den tilnærminga der.

Må få betre rapportering

Leiv Gunnar Heggland (Frp), som òg sit i kontrollutvalet, var oppteken av prosessen bak.

– Det gjeld korleis vi prosjektrapporterar. I tertialrapport etter tertialrapport får vi rapportar på 0, 0, 0, så plutseleg kjem det ein sprekk. Eg håper vi kan få meir løpande rapportering. Hadde vi fått det, så hadde vi hatt moglegheit til å gjera noko med sprekkane når dei oppstår. Eg ønskjer ei framtidig rapportering der vi skil mellom pågåande vedtatte prosjekt, som OHARA og prosjekt under modning, som skule aust om elvo, sa Heggland før kommunestyret gjekk til middagspause.

Les kva administrasjonen svarte

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.