Laget «Dei håpefulle» ser lyst på situasjonen etter poengdeling i første kamp. (Foto: KVB)

Det var håp likevel

MidtsidenCup på vinterføre: Damene på «Dei håpefulle» overraska seg sjølv med poeng i første kamp.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Alle utanom éi er mødre, ingen utanom to har spelt fotball saman før.

– Dette er vår første kamp saman, og det gjekk betre enn venta, seier spelarane etter 0-0 mot 20-åringane på «Skøyerstrekane».

Det er berre tre lag i dameklassen i årets MidtsidenCup. Laga speler dobbel serie i kamp om god plassering.

– Målet var bronse, og no ligg vi framfor budsjett, seier jentene nøgd.

Kampen mot dei tidlegare Søre Neset-spelarane blei jamn, men Håpefull-jubelen blei ekstra stor då motstandarane skåra sekundet etter at kampen frå sentralt hald blei blåst av, og skåringa ikkje blei godkjent.

Gamle lagkameratar framleis gode

I herreklassen er laga delt i amatør og elite. I eliteklassen er det tett med gode fotballspelarar, nokre av dei har spelt saman i fleire år.

Dagleg leiar i Os Fotball, Endre Brenne, stiller med Boca Juniors, som blant anna har med seg tre spelarar frå forsvarsfiraren som Os rykte opp med i 2006, Einar Algrøy, Erlend Grønner og Remi Osebakken.

Mens Boca herja med FC Smedvik spelte ei gruppe frå same opprykks-lag på nabobanen, Torkel Hjertnes, Stian Lunde, Tim Henrik Sperrevik og Frode Buvik for Kattakve.

Også amatørar har samla kameratflokken, som Svette Koteletter, med tidlegare T Ullrich-spelar Frode Øye i spissen.

– Vi vann den første, men med tap for Osbadet treng vi poeng også i siste innleiande for å ta oss vidare, seier Øye.

MidsidenCup held fram utover dagen til siste finalar startar klokka 16.00.