Lokal | 19. okt. 2012

– Ikkje kvart 10. år

Fredag markerte Os kommune oppstarten av bygginga av Nore Neset ungdomsskule. Samstundes har rehabiliteringa av Os ungdomskule starta.

– Ikkje kvart 10. år
Ordførar Terje Søviknes tok det første symbolske "spadetaket" saman med Arne Wickholm frå Staren AS, entreprenøren som skal gjera grunnarbeida (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 19. okt. 2012 10:52

Hausten 2014 skal båe ungdomsskulane vera klare til bruk. Fredag markerte politisk og administrativ leiing oppstarten av grunnarbeida på Nore Neset ungdomsskule.

- Når skulene står ferdig får vi to likeverdige ungdomsskuler, kor dei fysiske tilhøva ligg godt til rette for læring.

- Dette er eit stort og riktig grep av eit tverrpolitisk kommunestyre. Det er ikkje kvart tiande år vi byggjer ny ungdomsskule, smila ordførar Terje Søviknes (Frp) då han tok det fyste symbolske "spadetaket" med gravemaskina.

Avsindig dyrt, men likevel billig

Prosjektleiar i Os kommune, Tor Inge Døsen, orienterte om prosessen fram mot første spadetak og endeleg oppstart.

- Det er teikna kontrakt med Hent AS frå Trondheim på 112,5 millionar kroner eksklusiv mva.

- Denne har vi foreløpig fått pressa ned til 107 millionar etterkvart som prosjektet og detaljplanane har tatt form. Kva den endelege ramma blir er nok ikkje klart på denne sida av jul.

- Det som er heilt sikkert er at vi får ei billig skule, sjølv om den er avsindig dyr. Eg trur ikkje ein har sett makan til kvaderatmeterpris på eit skulebygg i Hordaland dei siste fem åra, fortalde Døsen.

Rektorteamet på plass

Det har lenge vore kjend at Per Olav Sørås blir rektor på den nye ungdomsskulen. Fredag blei det òg kjend at noverande rektor ved Søfteland skule, Anne Fossberg Fristad, blir assisterande rektor.

- Eg gler meg stort til å jobbe saman med Anne og dei andre tilsette.

- Vi kjem til å få eit flott skulebygg. Det å ha fått vore med i prosessen fram til i dag har vore spennande.

- Å få jobba saman med proffesjonelle aktørar, som mellomanna Rambøll, i prosjekteringa har vore givande. Vi har ikkje vore samde i alt, men hatt gode diskusjonar og eg er blitt rimeleg bra nøgd med resultatet, fortalde Sørås.

Uvisse om tomteprisen

Den nye ungdomsskulen skal byggast på området bak Nore Neset aktivitetshus, kor ti grunneigarar har vore i forhandlingar med kommunen om sal av eigedomane.

- Det er alltid ein krevande prosess å skulle forhandla med så mange grunneigarar.

- Eg vil nytta høve til å uttrykke takknemlegheit for at dei har samla seg som ein part og at vi har fått lov til å tiltrå området allereie no, sjølv om prisen på eigedommen ikkje har blitt fastsatt enno.

- Vi og grunneigarane er einige om at det skal gjerast via skjønnsretten, noko som truleg vil skje i løpet av våren, orienterte Terje Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.