Lokal | 19. apr. 2018

– Ikkje mat svanene!

Mating av svanene i Os Hamn er eit stort problem.

– Ikkje mat svanene!
Det har samla seg mange svaner i Os hamn gjennom vinteren. Den innstendige oppmodinga er at folk må slutta å mate dei (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 19. apr. 2018 13:28

I samband med politisk kvart i Plan- og bygningsutvalet (PBU) blei Os hamn og den store ansamlinga av svaner tatt opp.

– "Havnesjefen" døydde i fjor. Det har vel kome tredve nye til her no. Er det nokre tankar omkring den problemstillinga. Er det foretatt seg noko med tanke på svanene, undra Terje Sperrevik (TvS).

– Sist eg talte var vi no oppe i 56 svaner. Dei opererer som ein flokk og svøm stiller og fredleg inne imellom båtane. Så det ser ut til å vera ein fredleg flokk, innleia Aina Tjosås, kommunalsjef for samfunnsutvikling i Os kommune.

Mating eit problem

Når ho først var inne på svaneflokken kom ho med ei innstendig oppmoding.

– Vi ser folk som kjem med heile boss-sekkar for å gje dei mat. Slik kan vi ikkje ha det. Folk må slutta å mate dei, dei klarer heilt fint å finna sin eigen mat. Det håper eg media og de i PBU kan hjelpe oss med å få ut, poengterte Tjosås.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.