Lokal | 29. aug. 2015

Ikkje mykje å vera ueinige om

#ValiOs15: Os er ein god kommune å bli eldre i, uansett kven som styrer skuta kan på mange måtar vera konklusjonen etter debatten i eldresenteret torsdag.

Ikkje mykje å vera ueinige om
Dei politiske partia under debatten i eldresenteret torsdag (foto: Kari M. Lyssand)
Kari M. Lyssandlørdag 29. aug. 2015 07:01

Torsdag var alle dei politiske partia i Os invitert til debatt i Os Eldresenter. Temaet var naturleg nok eldrepolitikk og frå dei ulike partia stilte: Terje Søviknes (FrP), Helge Steinum (Ap), Marie Bruarøy (H), Jon Sivert Rykkel (V), Harald Lekven (Sp), Gunnar Kvåle (MDG), Jakob Enerhaug (KrF), Tarjei Lyssand (Sv) og Terje Sperrevik (TvS). Ordstyrar for kvelden var Øystein Nordvik.

Temperaturen på debatten blei aldri særleg høg, til det var det for mykje semje å spore blant politikarane denne kvelden.

Semde om det meiste

Alle poengterte kor viktig det er å ta godt vare på dei eldre i samfunnet, både dei friske og dei som treng pleie.

Dei eldre som viktige ressurspersonar, skryt av personalet i eldresektoren, at dei eldre skal få bu lengst mogleg heime, utbygginga av Luranetunet og renoveringa av sjukeheimen, var sakar som gjekk igjen.

– Vi kunne spart oss for mykje papir i dag, for vi er ganske einige heile gjengen, sa Lekven til humring frå salen.

– Vi er alle einige om målet, men vi vil ta litt ulike vegar dit, sa Kvåle før han tok opp to tema kor ein kunne spore litt usemje.

Vil ha kjøkkenet tilbake

Kvåle ville blant anna ha kjøkkenet tilbake til sjukeheimen og tok opp ressursane som ligg 20% lågare enn i liknande kommunar.

– Kanskje dei tilsette anstrenger seg litt for mykje?

Bruarøy meinte kommunen klarte å halda nede ressursbruken blant anna fordi dei tilsette var veldig effektive.

– Vi har og sentralisert einingane i kommunen, mot andre kommunar der einingane ligg spredt, poengterte ho.

Kommunegjelda blei tema

Eit anna tema det blei litt diskusjonar rundt var då det kom spørsmål frå salen om gjelda til kommunen og korleis alt skulle finansierast med ei renteauke på 3,5%.

Dette fekk Steinum og Ap på banen. Dei ser alvorleg på gjeldssituasjonen i kommunen.

– Vi pleier å love gull og grøne skogar når vi går til val, men denne gong manar vi til moderasjon, fortalde Steinum.

Både TvS og KrF nemde eigedomsskatt som noko som kanskje måtte vurderast på sikt.

Ordførar Søviknes meinte dei hadde ein stram økonomi, men at den er under kontroll.

– Vi har mellom anna ei finansportefølje og vi har investert mykje i eigedom, forklarte Søviknes.

GPS-merka eldre?

På spørsmål om korleis dei ulike politiske partia stiller seg etisk til det å sette gps på ein person som ikkje kan gjera rede for seg, blei politikarane litt tankefulle.

– Eg er i utgangspunktet skeptisk til den type overvåking, men vi kan sjå nærare på det, sa Enerhaug.

Bruarøy, som sjølv har opplevd å ha fått ein person på døra som ikkje kunne forstå kor han var, ser på ny omsorgsteknologi som noko dei bør prøva.

Etter siste spørsmålet var stilt frå salen fekk politikarane 1 minutt kvar til avslutning.

– Vi er heldig i Os, her har vi god eldreomsorg, sa Rykkel og oppmoda seniorane til å engasjere politikarane, spesielt dei unge.

– De er i gode hender uansett kven de velger, avslutta Lekven.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.