Lokal | 16. mars 2018

Imøtekjem Osfest noko

Osfest søkjer kommunen om eit fast tilskot på 500.000 kroner. Kultursjefen vil ikkje gje noko fast, men innstiller på 200.000 i 2018.

Imøtekjem Osfest noko
Kultursjefen foreslår å støtta Osfest 2018 med 200.000 kroner. (foto Osfest-laurdagen 2017: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamrefredag 16. mars 2018 11:51

Osfest har i ein søknad til Os kommune søkt om støtte til gjennomføring av festivalen i 2018 og ber samstundes om forutsigbarhet for festivalen i framtida, ved å få eit fast årleg tilskot.

Søkjar er Konsert og Festivaldrift AS, eit non profitt aksjeselskap, som er dotterselskap til Os Live AS.

– Kultursjefen er kritisk til at det vert innarbeida faste tilskot i økonomiplanen, då dette kan gjeva presedens for tilskot til andre aktørar av liknade art, skiv kultursjef Lisebeth Axelsen i saksutgreiinga som formannskapet skal handsama kommande veke.

Har fått 1,35 millionar tilsaman

I saka oppsummerer Axelsen den støtta festivalen har fått tidlegare.

– Det krev langsiktig satsing og gradvis oppbygging for å innarbeida ein ny festival. Difor har det vore viktig for Os kommune å setta festivalen i denne fasen. Totalt for alle fire festivalane har det vore løyvd 1.350.000 kroner i kommunalt tilskot. I 2017 var det løyvd kr 250.000, orienterer kultursjefen.

Må sjåast i samanheng

Kultursjefen er glad for alle tilskot som blir gitt til kunstnarleg utfalding, då det er aktivitetar som skaper glede og oppleving, men meiner det bør sjåast i samanheng.

– Det er søkt om kr 500 000,-. Satt inn i en kontekst av kor mykje kulturmidlar Os kommune løyver årleg til lag og organisasjonar, er dette eit stort beløp. For 2018 er det i budsjett avsett kr 1 667 000,-, kor ein million er KUP-midlar. Dei resterande 667 000,- er kulturmidlar til lag og organisasjonar fordelt på idrett, kunstnarleg utfalding og aktivitetar for barn og unge. Fokuset på tilbod til barn og unge vektas tungt.

– Osfest er også ein slik hending som mange gler seg over, og som Os kommune bør stetta. Tilskotet bør spegla dei andre løyvingar som vert gjeven. Det vert difor innstilt på kr 200 000,- som tilskot til Osfest 2018.

Midla foreslås henta frå formannskapet sitt disposisjonsfond.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.