Imponerande fakkelfredag
Bildeserie: Mellom 200 og 300 osingar trassa regnvêret og blei med då Os sentrum inviterte til fakkelfredag.
Bildeserie:
Fredagen har vore prega av eit skikkeleg grisavêr med opne sluser frå oven. Ti minutt før Os sentrum sitt fakkeltog skulle starta frå Irisgården og inn til torget hølja det ned. Det hindra ikkje mellom 200 og 300 barn og vaksne frå å klé seg i godt regntøy, refleksvestar og godt humør.
– Eg er imponert over osingane. Det er fantastisk at så mange av dykk stiller, stråla ein alltid like entustiastisk kultursjef, Lisbeth Axelsen då fakkeltoget kom til endestasjonen på torget.
Der sto Nornekoret på "perrongen" og ønskja velkomen med vakre juleperler.
For dei som var frosne stilte elevar frå Kongshaug med gløgg til å varma seg på.
– Det er heldigvis betre no, enn det var tidlegare i dag, smilte Geir Amundsen i sentrumsforeninga medan barn og vaksne gjekk rundt grana på torget.
Tradisjonen tru hjalp ungane til med å tella ned før lysa blei tent og ikkje mist å ropa på nissen og hjelparane. Og det hjalp, i premie vanka det velfylte godteposar til dei frammøtte.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.