Sport | 20. nov. 2014

Ina er vidare i EM

Slovenia: Ina Grindheim er vidare til semifinale i EM i kickboxing.

Ina er vidare i EM
Ina slo tyske Sonja Becker 7-4 i innleiande runde. (Foto: Per A. Ringsby)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 20. nov. 2014 08:38

Ina Grindheim frå Os, som konkurrerer for Pointfighter KBK, er på veg mot ny EM-medalje.

Ho og resten av landslaget er på plass i Maribor i Slovenia der Ina møtte tyske Sonja Becker i sin innleiande kamp.

– Dette er ein motstandar Ina har møtt før og dei har sin historikk. Sonja starta best, men med tekniske kvalitet og rutine tok Ina over, fortel landslagssjef Gjermund Nesland.

– Eg var ganske spent før kamp og eg er nøgd med at eg klarte å halda houdet kaldt og følgja planen sjølv om eg låg under fram til tredje runde, seier Ina.

4 av 6 i semifinale

Ina vann 7-4 og er no klar for semifinale i pointfighting-klassen (-65 kg). Der møter ho Madlen Dimitrova frå Bulgaria.

Noreg har 54 kickboxing-klubbar og er blant dei beste nasjonane i verda. Rundt 40 prosent av utøvarane er kvinner.

I årets EM stiller dei med 6 deltakarar, der 4 av dei no er i semifinale.

Dei tre andre som skal gå semifinale er Monica Engeset (Bergen KBK, -50 kg), Madelen Søfteland (Grimstad KBK, -65 kg lettkontakt) og Tom Erik Steinsland (Pointfighter KBK, -84 kg veteran).

Sølv i førre EM

EM og VM blir arrangert annakvart år og i desember i fjor tok Ina Grindheim sin tredje VM-bronse.

Året før klarte ho nesten å forsvara EM-tittelen frå 2010, men måtte nøya seg med sølv.

I april i år vann Ina sitt niande (!) NM-gull.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.