Lokal | 10. juli 2017

– Inga sak er lik

«Hamnesjefen» • Fylkesmannen klagar ikkje på vedtaket. Miljødirektoratet ventar på søknad om flytting av svanefamilien.

– Inga sak er lik
Skjebenen til «Hamnesjefen» er framleis ikkje avgjort. Miljødirektoratet ventar på den formelle søknaden (foto: KVB)
Andris Hamremandag 10. juli 2017 12:23

Som Midtsiden fortalde i førre veke har Frode Storetvedt på Tysnes tilbydd seg å ta imot «Hamnesjefen» og familien hans i eit 1400 kvadratmeter stort inngjerda området på garden sin. Ei forutsetning for dette er godkjenning både frå Mattilsynet og Miljødirektoratet.

Ordførar Marie Bruarøy (H) fortel at dei bistår Storetvedt med søknaden, men at det ikkje er kommunen som søkjer om flytting.

– Vi hjelper Storetvedt, slik vi hjelper alle andre som ber om bistand med formelle søknadsprosesser.

Blir vurdert uavhengig av andre saker

Miljødirektoratet har enno ikkje registert inn den formelle søknaden, men fortel at dei vil vurdera den på lik linje med andre søknader om å ta ville dyr i fangenskap.

– I utgangspunktet er det forbode å ta ville dyr i fangenskap. Ville dyr skal primært få bli ville.

– Når det gjeld ein søknad om å likevel fråvike dette, så vil vi vurdera det når vi får registrert søknaden. Det finst ikkje noko fasitsvar på spørsmålet då ingen saker er lik og dei blir alle vurdert uavhengige av kvarandre, seier seniorrådgjevar Erik Lund i viltseksjonen hos Miljødirektoratet.

– Kan du på generelt grunnlag seie kva de vurderer i saker der de får søknad om å ta ville dyr i fangenskap?

– Det er vanskeleg, då det ikkje finst noko standardsøknad i desse sakene, men vi må vurdera bakgrunn, korleis ein tenkjer å handtere det, korleis dyra vil bli halde også vidare.

– Får de mange tilsvarande søknader i løpet av eit år?

– No sprø du vanskeleg. Utgangspunktet er jo at ville dyr skal få vera fri, men nokre få har vi nok i løpet av eit år.

– Kor lang sakshandsamingstid kan ein rekna med?

– Vi bruker normalt så lang tid på det, men no er det ferieavvikling, så litt tid vil det nok ta, men mange veker tek det ikkje, seier Lund.

Fylkesmannen vil ikkje anka

Kommunen sendte onsdag vedtaket om løyvet til å fella «Hamnesjefen» til fylkesmannen, då kommunen meinte han etter §62 i naturmangfaldlova har klagerett over vedtak fatta etter delegasjon frå Miljødirektoratet og med heimel i naturmangfaldlova.

Det er ikkje fylkesmannen samd i og konkluderer i sitt svar til kommunen:

– Avgjerda om uttak av særleg aggressive knoppsvaner er delegert til kommunen og kan ikkje klagaste på, heller ikkje av Fylkesmannen som ikkje har noka formell rolle i slike saker.

I si vurdering skriv han at han ikkje har grunn til å tvila på kommunens vurdering i alvoret knytt til hendinga i Mobergsvika fredag 30. juni, eller når det gjeld tidlegare hendingar der «Hamnesjefen» har vore involvert. Han peiker likevel på at det i vedtaket burde ha kome fram kva andre avbøtande tiltak kommunen har vurdert.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.