Lokal | 27. nov. 2014

Inga tenning på Borgafjellet?

– Nei, det blir ikkje lys på søndag. Etter det som har skjedd med masta er det ikkje sikkert det blir lys i det heile tatt, seier Georg Jørgensen.

Inga tenning på Borgafjellet?
På dei lengste bardunane på masta på Borgafjellet har det sidan 1999 vore heist opp lyslenker før jul. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 27. nov. 2014 13:44

Bildeserie:

Lysa har, ofte saman med månen, skapt ekstra fin stemning i Os. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Lysa har, ofte saman med månen, skapt ekstra fin stemning i Os. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Leif Ragnar Tvedt og Arne Martin Holen er blant dei som har tatt det praktiske arbeidet. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Leif Ragnar Tvedt og Arne Martin Holen er blant dei som har tatt det praktiske arbeidet. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Georg Jørgensen frå Os Kulturutvikling. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Georg Jørgensen frå Os Kulturutvikling. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 3

Kvart år sidan Arne Martin Holen serverte ideen i 1999 har det vore lys i tre lange lenker i masta på Borgafjellet.

Les òg: På lyspatrulje (om historikk og drift)

Mange har gledd seg over dette landemerket, som er synleg for både fly- og ferjetrafikk, enkelte lærer også ungane sine at nissen bur på det sentrumsnære fjellet.

Men denne jula kan bli utan lys.

– Utstyret vårt er fjerna

Georg Jørgensen frå Os Kulturutvikling fortel at det uansett ikkje blir tenning søndag.

– Dei som eig masta har fjerna linene våre. Då dette prosjektet starta var dei hjelpsame og monterte dei opp, sånn at vi kunne heisa lyslenkene. Men då vi var oppe for eit par veker sidan låg dei slengt på bakken.

Jørgensen meiner dette er gjort tidlegare i haust og fortel at ingen har blitt varsla om dette.

Sette kultursjefen på saka

Å montera nye liner er ikkje ei sak for amatørar. Det er dessutan ikkje lov å ta seg til rette på denne masta.

– Vi er heilt avhengige av velvilje frå dei som eig masta. Om det er Telenor eller andre som skal kontaktast er uvisst, men vi får hjelp av Lisbeth Axelsen.

– Det blir uansett ikkje tenning av lysa på søndag, for dei er framleis på bakken. Men vi får håpe at vi får både velvilje og hjelp sånn at vi får tent lysa før jul, seier Georg Jørgensen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.