Sport | 08. jan. 2015

Ingen derby i år

I fjor kom dei på 2. og 3. plass i same pulje, i år må Søfteland og Nore Neset kjempa i kvar si avdeling i 6. divisjon.

Ingen derby i år
Arvid Rabben får ikkje spela mot Tommy Skorpen og Simon Aasen i år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 08. jan. 2015 08:17

I går blei dei fire avdelingane i 6. divisjon i Hordaland publisert.

Dei siste åra har Osbygda hatt 2-3 lag i 6. divisjon, med spennande lokaloppgjer frå år til år.

I fjor øydela dei kanskje litt for kvarandre, Søfteland og Søre Neset/Nore Neset, i 2015 kan begge rykka opp.

Søfteland får likevel eit rimeleg lokalt oppgjer når dei møter Kalandseid, som rykte ned frå 5. divisjon i fjor.

2 x Nore Neset

No er Søre Neset innlemma i Nore Neset, som stiller med lag i både 6. og 7. divisjon, trass opprykket til Nore Neset/Søre Neset 2 i fjor.

Klubben kan nemleg ikkje stilla med to lag i same avdeling og Søre Neset klarte ikkje å rykka opp frå 6. til 5. divisjon.

Dermed er det Søfteland og Nore Neset 1 som speler i 6. divisjon.

Dei har begge styrka stallane i vinter.

Les òg: Begge kan rykka opp (3. div) og ... men i 5. divisjon blir det derby

Dei to 6. divisjonslaga frå Os har hamna i desse ulike puljene:

Avdeling 1
Djerv 2
Fri 2 (opp frå 7. div)
Hetlevik
Kalandseid (ned frå 5. div)
Kjøkkelvik
Loddefjord 2 (opp frå 7. div)
Myrdal
Søfteland
Vestkysten
Viggo (ned frå 5. div)

Avdeling 3
BI Bergen
Inter Bergen (ned frå 5. div)
Kringlebotn (opp frå 7. div)
Mann
Mathopen
NHH 3
Nordre Fjell 2
Nore Neset
Sandviken 2 (opp frå 7. div)
Skogsvåg

Eikelandsfjorden er i avdeling 4 med blant andre Rosendal, Tornado Bergen, Odda 2 og Øystese 2.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.