Sport | 25. okt. 2017

Ingen ny kontrakt med El Fakiri

– Ein heidersmann! Nedrykket har ikkje påverka avgjerda hans, seier sportssjef Jan Frode Skeie.

Ingen ny kontrakt med El Fakiri
Hassan El Fakiri etter møte med spelarane og sportsleg leiing i kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 25. okt. 2017 20:11

Tysdag 4. november 2014 blei det kjent at Hassan El Fakiri skulle overta etter Jørn Vegard Berge som trenar for A-laget til Os.

Den tidlegare Brann- og Monaco-spelaren signerte treårskontrakt, eit engasjement finansiert av sponsorar.

I møte med sportsleg leiing i Os Fotball i kveld blei det klart at Hassan ikkje teiknar ny kontrakt med Os.

– Det har lagt litt i lufta ei stund. Hassan kom til oss for nokre veker sidan og sa at han hadde nokre tilbod, og at han vurderte å søkja nye utfordringar. I samtalar i dag blei det klart at vi ikkje går i forhandlingar om nokon ny kontrakt, seier leiar i sportsleg utval i Os Fotball, Jan Frode Skeie.

I går refererte vi til BT, som fortalde at Hassan går tilbake til Brann og overtar som trenar for Brann 2.

El Fakiri seier det ikkje er avgjort kva han vil gjera vidare.

– Eg har kontrakt ut året, og etter eit par veker fri skal vi samlast på feltet og trena saman igjen. Det er førebels ikkje bestemt kva eg gjer i 2018.

– Nedrykket har ikkje påverka avgjerda, men gjer det litt tyngre å reisa frå Os. Eg skulle gjerne ønskt at vi heldt plassen.

– Eit stort løft for klubben

Skeie fortel at for fire år sidan var det 6-7 spelarar som møtte på A-laget si første trening. Dette var det einaste herrelaget for senior i Os Fotball. Klubben hadde ingen juniorlag.

– I dag har vi tre seniorlag og tre juniorlag. Hassan etterlet seg ein meir livleg klubb, med ein treningskultur, eit kameratsskap og eit yrande miljø for spelarutvikling. Saman med dagleg leiar og del av trenarapparatet, Endre Brenne, har han gjeve klubben eit stort løft.

– Vi har kretsmeisterar, Norway Cup-finalistar og eit A-lag som har brukt 11 juniorspelarar i år. Eg vil tru det er få andre som kan skilta med tilsvarande, kanskje berre eit par av Eliteserien sine B-lag, seier sportssjefen.

Hassan var i møte saman med heile spelargruppa i klubbhuset i dag.

– Der fortalde eg òg kva forbilde eg synest han er. Ein mann som har spelt toppfotball ute i Europa, som stiller så audmjuk på Kuventræ, engasjerer også med dei yngste - han har gjort alt frå å delta på fotballskular i feriane til å køyra rundt i bygda og henta skuleelevar på veg til FFO.

– Det skulle berre mangla! Å vera med ungane og ungdomane har vore ei sann glede, seier Hassan.

– Det har vore lærerikt å koma til ein breiddeklubb og sjå kor avhengig alle er av kvarandre sin innsats, å delta i det store miljøet rundt klubben.

Os skal no ut på trenarjakt. Kven som er i kikkerten, eller om det allereie er nokon der, vil ikkje Skeie fortelja enno.

Men han fortel at 95 prosent av troppen er med vidare - og at Os Fotball har plan om hardare satsing og høgare mål.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.