Sport | 04. des. 2016

Ingen opptur i Førde

– Det var ikkje så gale som resultatet seier, meiner Førde Eriksen etter 12-målstap for serieleiaren.

Ingen opptur i Førde
Trond Førde Eriksen meiner Førde ikkje er uslåelege. No ser han fram til å ta imot Fana 2 i siste runde før jul. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 04. des. 2016 19:00

Os sto med 7 sigrar og 2 tap før dagens bortekamp mot ubesigra Førde (siger i 8 av 8).

– Vi stilte dessverre med ein del sjukdom i troppen, og starta kampen utan heilt å ha det rette tenningsnivået, synest Os-trenar Trond Førde Eriksen.

Førde - Os 29-17 (16-10)
Os: Vibeke Ingebrigtsen, Elise Hjelle 3, Line Hjelle Berentsen 3 (2 på straffe), Madeleine Hjertnes 2, Tonje Hjertnes 2, Emilie Halhjem 2, Hilde Kristine Røttingen 2, Mia Torp Nielsen 1, Liv Pauline Lunde og Thiet Dang.

Os leia frå start, men trenaren synest tidleg at han såg at dei ikkje hang heilt med. Ti minutt før pause låg dei under 11-5.

– Det kom seg heldigvis veldig etter ein timeout, og vi gjekk opp i 11-9.

Til pause sto det likevel 16-10.

– Ikkje uslåelege

– Vi starta 2. omgang glimrande, kriga i forsvar og kom oss tre mål bak. Men så kom ein serie med avgjerder i tvilsame situasjonar som ikkje gjekk vår veg. Vi kom 6-7 mål bak og etter dette kom vi oss ikkje inn igjen i kampen.

– Det var ikkje vår verste kamp, trass sjukdom og sterk motstand. Vi hadde to veldig gode periodar og har fått sjå at Førde ikkje er uslåelige, seier Førde Eriksen på veg heim frå Sogn og Fjordane.

Heime mot Fana 2 før jul

Neste kamp er den siste før jul. Den går heime mot Fana 2 onsdag 14. desember.

Fana 2 står med 4-2-4 etter ti kampar.

TERMINLISTE OG TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.