Lokal | 30. jan. 2018

Ingen snuoperasjon, men vi jublar!

Lesarinnlegg: Det er alltid kjekt når politiske motstandarar jublar over vår og regjeringa sin politikk.

Ingen snuoperasjon, men vi jublar!
Luranetunet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 30. jan. 2018 18:45

Ap i Os jublar over at Frp har «snudd» i saka om kjøkken på Lurane. Det er alltid kjekt når politiske motstandarar jublar over vår og regjeringas politikk. For det er nett det som er fakta.

Det er ingen som har snudd når det gjelder budsjettvedtaket for Os kommune 2018 frå FrP/H og Venstre, lat det vera sagt.

Budsjettvedtaket vårt blei gjort i desember 2017. I januar i år kom det ei ny regjeringsplattform, «Jeløya–avtalen», der det blant anna står at ein ønskjer å etablera ei tilskotsordning til kjøkken i sjukeheimar.

Dette jublar vi over fordi ein her har fått inn politikk som Frp/Høyre og Venstre i samarbeid meiner er viktig for eldreomsorga. Reforma «leve heile livet» skal ha romma mykje, også mat og matomsorg.

Tida vil visa kva kriterier ein legg til grunn for å søkja om eventuelle tilskot. Er det til nybygg eller drift eller begge delar? Og viser det seg at dette er ei god ordning for oss, så er det sjølvklart at Os er med og søkjer. Det reknar eg med at Ap òg vil støtta. Kan ein få gode tilskotsordningar frå Staten til liks med andre tilskotsordningar me har hatt god nytta av innan eldreomsorga, vil det vera for dumt å stå utanfor.

Samstundes er det viktig å påpeika at eg har den største tillit til alle som arbeider innan eldreomsorga på Luranetunet, at dei gjer sitt beste for at matomsorga har vore, og blir tatt hand om på den beste måten for våre eldre.

Ein må ikkje tru at når ein har eit storkjøkken på plass så gjer alt seg sjølv.

Det er mykje i og rundt som må handterast. Dessutan har vi løpande avtalar på levering av mat som gjelder enno ei stund. Ein rekk ikkje langt med dei 100.000 kronene Ap sette av i sitt budsjett for 2018. Her skulle det berre greiast ut kva det vil kosta, ikkje midlar til at det skulle etablerast. Verken i år eller i komande økonomiplanperiode.

Dei som trudde at Ap hadde eit gryteklart kjøkken raskt på plass, ville blitt skuffa.

Det er mykje som har endra seg dei siste åra når det gjeld matomsorga. Ikkje berre ernæringsbehova, men òg omsorga i og kring eit måltid. Det å ha ei god oppleving rundt eit måltid er vel så viktig som det som vert servert. Og ikkje minst er det eit større fokus på sjukdommar, der riktig mat kan vera både helsemessig bra, men òg helsemessig dårleg. Difor er det like viktig at riktig kompetanse er tilslutta eit slikt kjøkken og rundt på avdelingane på Luranetunet.

Og til andre som skal nytta denne tenesta; det at ein no kanskje òg får mogelegheit til å tenkja nytt innan storkjøkken og mat på Lurane vil me i Frp ha eit ope sinn til. Det å tenkja nytt saman med dei som er ekspertar på området er særs viktig.

Uansett må me no venta å sjå kva tilskotordninga inneheld. Og om det er noko for Os kommune å søkja på.

Laila Reiertsen
Os Frp

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.