Lokal | 25. sep. 2014

Ingen stoppa på 30 minutt

– Eg er glad eg ikkje blei skadd, seier mannen som kjørte på ein hjort ved Liafjellstunnelen i går. Ingen stoppa for å høyra om det gjekk bra med han etter kollisjonen.

Ingen stoppa på 30 minutt
Hjorten overlevde samanstøyten, men volvoen til Kim måtte på verkstad. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. sep. 2014 13:31

Onsdag i 23.40-tida blei ein hjort påkjørt i 80-sona på E39 mellom Mobergsbrua og Liafjellstunnelen.

– Eg hadde retning Halhjem då hjorten kom springande frå venstre og kryssa vegen. Eg trur ikkje eg rakk å bremsa noko særleg, så det blei eit kraftig smell, fortel bilførar Kim Moo frå Os.

Han var åleine i bilen og følte seg litt prega etter ulykka, men han var ikkje skadd. Hjorten blei råka i bakbeina, men sprang vidare opp mot Liafjellet.

– Kva om eg var skadd?

– Eg ringte politiet og viltkontakten blei varsla. Bilen fekk eg litt ut av vegen så trafikken kunne gå forbi.

Og trafikken dundra forbi ulykkesstaden mens Kim blei sitjande i bilen i grøfta i 80-sona.

– Men på den halvtimen eg venta på at viltkontakten skulle koma var det ikkje éin som stoppa for å høyra om det sto greit til med meg.

– Heller ikkje då eg sto utanfor bilen var det nokon som sveiva ned ruta for å høyra om alt var ok. Det reagerer eg på. Kva om eg eller nokon i bilen var skadd?

Pliktar å stoppa

Det er ikkje berre involverte i trafikkulykker som har plikter.

«Enhver som med eller uten skyld er innblandet i trafikkuhell, skal straks stanse og hjelpe personer og dyr som er kommet til skade, og for øvrig delta i de tiltak som uhellet gir grunn til. Denne plikt har, om det er nødvendig, også andre som er i nærheten eller som kommer til stede.» § 12. Plikter ved trafikkuhell.

Eit svært utsett vegstykke

Viltkontakt Espen Andersen var ikkje med på ettersøk i går, men fortel at ein ekvipasje var ute i natt og to andre i heile formiddag fram til lunsj.

– Dei fann hjorten og den ser ut til å vera i fin nok form til at vi ikkje treng å avliva den.

Når det kjem til vegstykket rundt Liafjellstunnelen kjem han nok ein gong med ei åtvaring.

Måndag i førre veke kjørte ein buss på ein hjort på same stad, i 2011 blei ein bukk påkjørt ved tunnellen. Året før, i 2010, fekk ein barnefamilie ein kronhjort på 120 kilo inn frontruta på den andre sida av tunnelen.

– Med 70- og 80-sone rundt tunnelen kan det bli kraftige samanstøyt. Dette er eit område der det er verdt å vera ekstra varsame.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.