Sport | 03. juli 2014

– Ingen ville tapa

Laurdag 7. juni gjorde Lysekloster noko dei aldri før har gjort. I dag gjorde dei det igjen.

– Ingen ville tapa
Chris Sunde Midtun har berre sleppt inn 15 mål på dei første 13 kampane. I dag blei det 0-0. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 03. juli 2014 20:56

Då Lysekloster spelte 0-0 borte mot Bjarg 7. juni var det den første mållause kampen deira sidan satsinga starta i 7. divisjon i 2009.

I dag skjedde det igjen, då Lysekloster spelte sin siste kamp før ferien i eit reint toppopgjer borte mot Sotra.

Sotra - Lysekloster 0-0

– Vi skapte mest i første omgang, dei skapte mest i andre. Vertane var nok nærmast siger, men eg trur begge lag var nøgd med poengdeling i dag, seier Lysekloster-trenar Torbjørn Birkelund.

– Spesielt siste del av kampen bar preg av at ingen av laga ville tapa, dei ofra seg lite begge to. Det er dessutan litt vanskeleg å etablera eit høgt press på den store banen.

Lysekloster (4-3-3): Chris Midttun - Baste Jonassen, Steffen Finsådal, Aleksander Andersen (knut Eide), Preben Skorpen - Johannes Jordal, Simen Birkelund (Mathias Høiland), Preben Borgen - Lars Henrik Skage, Kim Kleivedalen og Sigve Rørstad (Tore Valvik).

Svært få baklengsmål

Berre Odda, som førebels ikkje har spelt 13. runde, har sleppt inn færre mål enn Lysekloster sine 15.

Os har skåra 10 mål meir, men sleppt inn dobbelt så mange.

I andre runde etter ferien, søndag 10. august (kl 16) tar Lysekloster imot Os til lokaloppgjer.

Lysekloster ligg på 2. plass på tabellen, men kan bli forbigått av Odda, om dei slåt Fyllingsdalen 2 i helga.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.