Lokal | 17. mars 2018

Innbrot, bilbrann og funn av steroider

Ingen blei skadd då det tok fyr i ein bil fredag kveld.

Innbrot, bilbrann og funn av steroider
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 17. mars 2018 08:21

Fredag i 23.30-tida kom det melding om bilbrann i Ulvenvegen.

– Brannen var sløkt. Politi og brannvesen rykte ut til staden.

– Ingen var skadd, men det er rutinemessig oppretta ein undersøkelsessak, seier politibetjent Sindre Hallem til Midtsiden.

Innbrot i garasje

Klokka 20.15 fredag kveld fekk politiet melding om innbrt i ein garasje i Nordmarka.

Diverse verktøy er stole frå garasjen.

– Innbrotet kan ha blitt utført for fleire dagar sidan, fortel politiet.

Hadde dopingmidlar i lomma

Fredag ettermiddag, i 15.30-tida, kom politiet over ein kar i Os sentrum.

Vedkomande, ein mann i 20-åra, framsto som rusa.

Det blei funne noko anabole steroidar på mannen. Det førte til ransaking også av bustad, men der blei det ikkje funne noko meir.

I høg fart forbi barnehage

Fredag hadde politiet trafikkontroll i Industrivegen frå klokka 11.30 til dei fekk ein mistenkt for promillekøyring klokka 13.15.

To timar seinare fekk dei melding om råkøyring i same område.

– Vi fekk tips om ein lett motorsykkel som køyrde i høg fart forbi Kuventræ barnehage i 15.30-tida.

– Meldar noterte registreringsnummer på motorsykkelen og vi vil kontakta eigar.

Stoppa bil for å unngå kollisjon med drone

I 23-tida blei politiet oppringt av ein dame som hadde stoppa bilen på Gudriflaten fordi ein drone kryssa vegen rett framfor ho.

Kvinna var skremt og meinte droneflyginga var til fare for andre.

Sykla på isen på Søfteland

Tidlegare på dagen, klokka 13.30, fekk politiet melding om ein gut eller ein ungdom som sykla på isen på Vinddalsvatnet.

– Det var ingen syklistar å sjå då patruljen vår kom til området, men vi såg spor og at desse leia opp på land igjen.

Ingen av vatna der Os brannvesen måler isen blir sett på som trygge, og politiet antar at heller ikkje Vinddalsvatntet har trygg is.

Vist vekk frå sentrum eller farleg leik i trafikken

Klokka 02.30 i natt møtte patruljen to unge menn som sprang midt i vegbanen i Os sentrum.

– Dette var gutar i slutten av tenåra, feststemte og glade, men i aktivitet til fare for seg sjølv. Dei fekk pålegg om å fjerna seg frå sentrum.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.