Lokal | 19. juli 2017

Innbrot i barnehage

Politiet har gode spor etter innbrot i ein privat barnehage natt til onsdag.

Innbrot i barnehage
Politiet fekk melding om innbrotet klokka 0413 natt til onsdag (ill.foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamreonsdag 19. juli 2017 07:26

Klokka 0413 fekk politiet melding frå eit vekterselskap om eit innbrot i ein privat barnehage i Os.

– Det blei meldt om bevegelse i bygget frå vaktselskapet. Alarmen var utløyst i tre ulike soner, noko som kan tyde på at det har vore brukt nøkkel for å ta seg mellom dei ulike romma, fortel lensmann Oddbjørn Dyrdal ved Os lensmannskontor.

Inn gjennom vindauge

Av omsyn til etterforskinga vil ikkje lensmannen seie kva barnehage som har hatt uvedkommande på besøk.

– Det eg kan seie er at dei har tatt seg inn gjennom eit vindauge kor vi har funne ferske spor både på utsida og innsia.

Trur på oppklaring

Lensmannen fortel at det skal ha vore meir enn ein person inne i barnehagen.

– Vi har opplysningar om antatte gjerningspersonar. Det er mellom anna kameraovervåking på staden, så det er stor sjanse for at vi tek dei aktuelle personane, avsluttar Dyrdal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.