midtsiden

Innbrot i Kuvågen

Måndag fekk politiet melding om kollisjon med hjort og innbrot i naust.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Tirsdag, november 15, 2011 - 09:28

Måndag ettermiddag fekk politiet melding om innbrot i Kuvågen.

– Nokon har tatt seg inn i eit naust. Vi har vore ute og sjekka åstaden, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.

Politiet er interessert i tips i saka.

Måndag i 21-tida gjekk alarmen ved Lyssand Treindustri. Heldigvis var det verken brann eller anna.

Klokka 23.30 fekk politiet melding om kollisjon med hjort på Søfteland.

– Dyret skal ha sprunge rett i sida på bilen. Hjorten sprang vidare og ingen i bilen blei skadd, men viltkontakten er naturlegvis varsla og gjer naudsynte undersøkingar i området, seier Sperrevik.

 

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11