Lokal | 14. juli 2014

Innbrot og båt på rek

Politirapporten: Innbrot på Os VGS natt til måndag. Jolle funnen på rek ved Skorpo.

Innbrot og båt på rek
Natt til måndag braut nokon seg inn på Os vidaregåande skule (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 14. juli 2014 07:36

Mandag morgon fekk politiet melding om innbrot på Os vidaregåande skule.

– Ei dør skal ha blitt brutt opp.

– Det skal ha blitt rota rundt på nokre kontor, men vi har førebels ikkje oversikt over kva som eventuelt er vekke.

– Patrulja er der oppe no i morgontimane for å få oversikten, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Fann jolle på rek

I løpet av helga har ein liten båt blitt tatt hand om i området ved Skorpo.

– Det er ein 11 fots With-jolle med ein Selva 9,9 hk påhengsmotor.

– Om det er nokon som sakar den kan dei kontakta lensmannskontoret, så kan vi formidla kontakt med finnar, seier Hadler-Olsen.

212 kontrollerte

I promillekontrollen politiet gjennomførde på Halhjem sundag, kor tre bilførarar blei meldt for promillekøyring, blei 212 bilistar kontrollert.

– I tillegg til dei tre som blei anmeldt hadde fem personar promille rett under 0,2 og seks førarar køyrde utan førarkort og har fått gebyr for det, oppsummerar politioverbetjenten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.