Ruta til kundemottaket på verkstaden på Best-stasjonen blei knust i innbrotet (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Innbrot på Best

Blodig mann tatt etter innbrot på verkstaden på Best-stasjonen i natt.

image
image
image
Av: Andris Hamre

Natt til onsdag har uvedkomande tatt seg inn ved å knusa ei rute og gjort skadeverk i kundemottaket på Best-stasjonen i Os sentrum.

Kl 05.57: Bensinstasjon i Os sentrum: Meldt om innbrot i lokala. Utført ein del skadeverk. Ukjent om noko er stole. Sak ved politiet, meldte Vest operasjonssentral på twitter i morgontimene onsdag.

Blodig 40-åring tatt

Litt seinare kan det tyde på at saka var oppklart.

Kl 07.30: Ein person gripen for innbrotet. Tatt like ved åstaden etter tips frå publikum. Blir sett i arrest.

– Den pågrepne er ein mann i 40-åra, melder politiet.

Dei tilsette fann tjuven sjølv

Innbrotet blei oppdaga då ein av eigarane kom på jobb. I tillegg til å ringa politiet slo Sonja Tveit på tråden til sonen Odin, som òg jobbar ved stasjonen.

– Vi såg gjennom opptak frå kamera, fleire av dei gav gode bilde av mistenkte, fortel Odin.

Han sette seg i bilen for å køyra ein runde, og hadde berre køyrd rundt hundre meter mot sentrum då han såg mistenkte.

– Eg ringde politiet og dei kom raskt til staden. Det var godt å få tatt han, seier Odin.

Skadeverk på gasstank og kontor

Mistenkte har brote seg inn på kundemottaket til verkstaden og nærmast ommøblert to kontor.

– Kameraopptak viser at han kom i 3-tida og har halde på i rundt ein time. Vi har det travelt nok, no i dekksesongen, om ikkje vi skal få ekstraarbeid som dette, seier Rolf Tveit.

Ein PC er øydelagd, elles er det uvisst kva som er sakna.

– Eg hadde eit Manchester United-emblem her, som nevøen min skulle få. Det låg i ei eske, men er vekke. Elles veit eg ikkje om noko er stole, vi har uansett ikkje fem flate ører i kontantar liggande.

Ute på stasjonsområdet har vedkomande brote opp ein hengelås og tatt seg inn til hovudtanken på gass. Her er fleire deksel opna, og det kan sjå ut som om mistenkte har prøvd å gjera endå større skadeverk enn han allereie har gjort.

– Det kunne gått skikkeleg gale, seier Rolf, fortvilt over ugjerningane i natt.